Fagskulen Vestland

Versjonen frå 26. september 2024 kl. 01:32 av HerVal7752 (diskusjon | bidrag) (Fiksing)

Fagskulen Vestland er ein norsk offentleg fagskule med 2 170 studentar og 200 tilsette (per 2024).[1] Skulen vart etablert i 2017 som ei samanslåing av Bergen maritime vidaregåande skule og Bergen maritime fagskule, seinare Fagskulen i Hordaland og Bergen tekniske fagskule og Fagskulen i Sogn og Fjordane. Skulen tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning.[2]

Fagskulen Vestland
Grunnlagt1. januar 2017
TypeFagskule
RektorTorbjørn Mjelstad
Studentar2170 (2024)
Tilsette200 (2024)
Nettstadhttps://www.fagskulen.no (nynorsk)
ErstattarBergen tekniske fagskole, Bergen maritime videregående skole og Bergen maritime fagskole
Kart
Fagskulen Vestland
60°23′47″N 5°18′50″E / 60.396483888889°N 5.3140030555556°E / 60.396483888889; 5.3140030555556

Studentane ved skulen studerer deltid og samlingsbasert over tre år, eller heiltidsstudier over to år. To år med tekniske studiar gir høgare fagskulegrad som fagskuleingeniør, tilsvarande 120 studiepoeng, og eit år gir fagskulegrad som fagskuleingeniør (60 studiepoeng).[3] 120 studiepoeng frå fagskule kvalifiserer i tillegg til generell studiekompetanse. Studentane vert tatt opp på grunnlag av fullført fagbrev, generell studiekompetanse eller realkompetanse.[4]

Studentane ved Fagskulen Vestland er medlemmar av Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen). Fagskulen Vestland er medlem i interesseorganisasjonen for offentlege fagskular, HØY. Det nasjonale ansvaret for offentleg fagskuleutdanning ligg hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Skulen sine utdanningstilbod er underlagt Lov om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskoleloven).[5]

Fagskulen Vestland sin hovudadministrasjon ligg i Haugevegen, Nordnes, Bergen. Bygget har tidlegare husa jordmorstudentar, kokke-elevar og maskiniststudentar.

Historie

Fagskulen Vestland sin hovudadministrasjon ligg i Haugevegen, Nordnes, Bergen. Bygget har tidlegare husa jordmorstudentar, kokke-elevar og maskinist-studentar.

«Sløidskulen» vart oppretta i 1886. I 1889 vart namnet endra til Bergen fagskole. Frå 1945 til 2017 het skulen Bergen tekniske fagskule, og da han i 2017 vart slått saman med Bergen Maritime Fagskole og vidaregåande skule, tok han namnet Fagskolen i Hordaland. Ved fylkessamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, i 2022 vart dei offentlege fagskulane i det nye Vestland fylke slått saman, og skulen fekk namnet Fagskulen Vestland. Hovudadministrasjonen for skulen ligg på Nordnes i Bergen.

Studiestader

Per 2024 har Fagskulen Vestland studietilbod fordelt på følgande studiestader: Austevoll,[6] Førde,[7] Hjeltnes,[8] Måløy,[9] Nordnes[10] og Nygård[11] i Bergen, Stord[12] og Voss.[13]

Skulen utviklar studiar i tett samarbeid med lokale bedrifter. Aker Solutions Stord samarbeida om studiar i maskinteknikk, maskinteknikk med ISO-fag, elektro og robotikk gjennom det som vert kalla Stord-modellen for utdanning.[14] Studentane tar fulltidstudiar samstundes som dei jobbar for Aker.

Skulen har i tillegg kortare utdanningar og kurs utvikla i samarbeid med industri og næringsliv i Vestland. Skulen tilbyr òg kurs som førar til sertifisering, som CETOP 1, 2 og 3 innafor hydraulikk.

Studietilbod

  • Prosessteknikk
  • Maskinteknikk
  • Maskinteknikk med ISO
  • Elkraft
  • Klassisk bygningshandverk
  • Robotikk

Kjelder

  1. «Alt om fagskulen | Fagskulen Vestland». www.fagskulen.no (på norsk). Henta 18. september 2024. 
  2. «Tekniske utdanningar». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  3. «Forskjeller på fagskole og høgskole/universitet». Utdanning.no (på norsk bokmål). Henta 18. september 2024. 
  4. «Fagskulen Vestland | Fagskule og vidareutdanning». Fagskulen Vestland. Henta 5. september 2024. 
  5. «Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) - Lovdata». lovdata.no. Henta 19. september 2024. 
  6. «Studiestad Austevoll». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  7. «Studiestad Førde». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  8. «Studiestad Hjeltnes». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  9. «Studiestad Måløy». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  10. «Studiestad Nordnes». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  11. «Studiestad Nordre Nygård». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  12. «Studiestad Stord». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  13. «Studiestad Voss». www.fagskulen.no (på norsk). Fagskulen Vestland. Henta 17. september 2024. 
  14. «Heiar på Stord-modellen». www.hvl.no. 28. april 2017. Henta 19. september 2024. 

Bakgrunnsstoff