Aleksander Walmann
Aleksander Walmann Åsgården (fødd 12. januar 1986) er ein norsk musikar, låtskrivar og songar. I 2012 deltok Walmann i talentprogrammet The Voice – Norges beste stemme på TV 2. I 2017 vann han Melodi Grand Prix saman med musikkprodusenten JOWST og låten «Grab the Moment». Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv same året. Hausten 2017 deltok Walmann i NRK-programmet Stjernekamp, og i 2018 kom han på fjerdeplass i Melodi Grand Prix 2018 med låten «Talk to the Hand».
Aleksander Walmann | |||
| |||
Fødd | 12. januar 1986 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Porsgrunn | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | elektronisk musikk | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Bakgrunn
endreWalmann vaks opp i ein musikalsk familie i Porsgrunn og har vore oppteken av musikk sidan barndomen.[1][2] I 2012 melde han seg på TV 2-programmet The Voice – Norges beste stemme, der han nådde finalen. Sidan har Walmann varma opp for artistar som Sivert Høyem, Thom Hell, Ole Paus og Sondre Lerche.[3]
Hausten 2016 vart Walmann kontakta av lydteknikaren og musikkprodusenten Joakim With Steen, og han vart spurt om å syngje songen «Grab the Moment». Steen hadde komponert låten, medan Jonas McDonnell hadde skrive teksta.[4] Songen vart plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix laurdag 11. mars 2017. Der vann songen finalen og vart det norske bidraget til Eurovision Song Contest.[5][6] «Grab the Moment» kvalifiserte seg til finalen og enda på ein tiandeplass i finalen laurdag 13. mai.
Hausten 2017 var Walmann ein av deltakarane i NRK-programmet Stjernekamp, der han enda på sjetteplass bak artistar som Ida Maria, Didrik Solli-Tangen og vinnaren Adam Douglas.[7][8]
Ved sida av musikken har Walmann tidlegare vore ein aktiv snøbrett-utøvar, og i åra 2002–2005 var han elev ved Norges toppidrettsgymnas på Geilo.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Lørdagsspeilet: TV-aksjonen spesial med Aleksander Walmann». Ælvespeilet. Arkivert frå originalen 10. april 2017. Henta 9. april 2017.
- ↑ «Front Page – Aleksander Walmann» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 12. mai 2017. Henta 25. desember 2017.
- ↑ «Aleksander Walmann». Artistpartner. Arkivert frå originalen 13. mars 2017. Henta 12. mars 2017.
- ↑ «JOWST». nrk.no. 7. februar 2017. Henta 12. mars 2017.
- ↑ Ighanian, Grøtte, Talseth og Hansen, Catherine Gonsholt, Marit, Thomas og Frode (11. mars 2017). «JOWST vant MGP – vil endre sceneshowet til Eurovision». VG Nett.
- ↑ Henriksen, Arve (12. mars 2017). «Vant 7500 kroner på seg selv». Aftenposten.
- ↑ Aune, Oddvin (7. juni 2017). «Dette blir deltakerne i årets Stjernekamp». NRK.no (på norsk).
- ↑ «Aleksander Walmann måtte forlate «Stjernekamp»». Dagbladet.no (på norsk). 30. september 2017.
- ↑ Gullfabrikken-Om eventyret Norges Toppidrettsgymnas. Dinamo Forlag. 2015. ISBN 978-82-8071-314-8.
- Denne artikkelen bygger på «Aleksander Walmann» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2021.