Banda Aceh
Banda Aceh (eller Bandar Aceh, tidlegare Kutaradja) er provinshovudstad og største by i den indonesiske provinsen Aceh på nordvestspissen av øya Sumatra. Han har eit folketal på rundt 260 000 (2006).
Banda Aceh | |||
by | |||
Land | Indonesia | ||
---|---|---|---|
Provins | Aceh | ||
Areal | 64 km² | ||
Folketal | 260 000 (est. 2006) | ||
Banda Aceh 5°33′00″N 95°19′00″E / 5.55°N 95.316667°E | |||
Wikimedia Commons: Banda Aceh |
Byen blei grunnlagd som Bandar Aceh Darussalam Kandang[1] og var hovudstad for Sultanatet Aceh som blei grunnlagd seint på 1400-talet. Seinare blei namnet forkorta til Bandar Aceh Darussalam og så populært kjend som Banda Aceh. Første del av namnet, Bandar (Banda), kjem frå det persiske bandar (بندر) som tyder 'hamn'. Byen er også blitt kalla 'balkongen' eller 'inngangen til Mekka' (indonesisk Serambi Mekkah) etter tida då hadj-pilgrimar reiste sjøvegen til Mekka frå Indonesia og stoppa her undervegs.
Raya Baiturrahman-moskéen (også kalla Den store moskéen) er ein av dei vest kjende moskeane i Søraust-Asia. Han blei bygd i 1879 som erstatning for ein øydelagd moské. Moskeen er blitt bygd ut fleire gonger sidan, som i 1995 då han fekk ny minaret.
Om morgonen 26. desember 2004 blei byen særs hardt ramma, først av det verste jordskjelvet i verda på 40 år, og deretter av ein stor tsunami utløyst av dette og påfølgjande jordskjelv. Det første og kraftigaste undersjøiske jordskjelvet hadde episenter i havet rett ved Aceh-provinsen, mellom Sumatra og Simeulueøya. Dei påfølgjande jordskjelva følgde ei linje som gjekk nordover og tett vest for Sumatra. Nokre dagar seinare rekna ein med at 60 prosent av Banda Aceh var øydelagd.
Geografi
endreKlima
endreVêrdata for Banda_Aceh | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 31,2 | 31,7 | 32,3 | 32,8 | 33 | 33,4 | 33,3 | 33,1 | 32,5 | 31,7 | 31,1 | 30,9 | 32,2 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 26,7 | 26,9 | 27,3 | 27,8 | 28,1 | 28,1 | 28 | 27,8 | 27,5 | 27,1 | 26,9 | 26,7 | 27,4 |
Gjennomsnittleg min °C | 22,2 | 22,1 | 22,4 | 22,9 | 23,1 | 22,8 | 22,7 | 22,5 | 22,4 | 22,5 | 22,7 | 22,4 | 22,6 |
Kjelde: Kota Banda Aceh iklim |
Kjelder
endre- ↑ Harun, Ramli; M.A. Gani, Tjut Rahma (1985). Adat Aceh. Jakarta: Departemen Pendidikan dan Kebudayaan. s. 24.
- Denne artikkelen bygger på «Banda Aceh» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2018.