Denne artikkelen handlar om Christmasøya i Indiahavet. For Christmasøya i Stillehavet, sjå Kiritimati.

Christmasøya (engelsk Christmas Island), på norsk òg kjend som Juleøya,[2] er ei øy i Indiahavet som ligg om lag 500 kilometer sør for Indonesia. Øya utgjer eit australsk territorium. Arealet er 135 km² og folketalet 1 692 i 2021.[3] Om lag 70 % av folket er av kinesisk opphav, 20 % europearar og 10 % malayar.[4] Øya var ikkje folkesett då eit britisk skip vitja øya i 1688. I 1888 vart Christmasøya annektert av Storbritannia, då det vart oppdaga fosfatførekomstar her. Øya vart administrert frå Singapore. Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av Japan. På 1950-talet vart øya overført til australsk administrasjon.

Christmasøya
Christmas Island
territorium
Flagg
Land  Australia
Del av Indian Ocean islands
Hovudstad Flying Fish Cove
Areal 135 km²
Folketal 1 692 (10. august 2021)[1]
Språk Engelsk
Tidssone +07:00
Domene .cx
Kart
Christmasøya
10°29′24″S 105°37′39″E / 10.49°S 105.6275°E / -10.49; 105.6275
Kart som viser Christmasøya.
Kart som viser Christmasøya.
Kart som viser Christmasøya.
Wikimedia Commons: Christmas Island
Kart over Christmasøya.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Christmas Island»; vitjingsdato: 28. juni 2022.
  2. «Christmasøya» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «Christmas Island: 2021 Census All persons QuickStats». Australian Bureau of Statistics. Henta 23. desember 2023. 
  4. «Christmas Island» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 23. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Christmasøya