Dei dinariske Alpane
Dei dinariske Alpane (kroatisk og bosnisk Dinarsko gorje eller Dinaridi, serbisk Динарско горје eller Динариди; slovensk Dinarsko gorstvo; italiensk Alpi Dinariche) er ei fjellkjede i Sør-Europa i landa Slovenia, Kroatia, Bosnia-Herzegovina, Serbia, Montenegro og Albania.
Dei dinariske Alpane | |||
Dinaridane | |||
fjellkjede | |||
Land | Albania, Bosnia-Hercegovina Kroatia, Kosovo Montenegro, Serbia Slovenia | ||
---|---|---|---|
Del av | Alpide belt | ||
Grensar til | Dei juliske Alpane | ||
Koordinatar | 42°26′30″N 19°48′45″E / 42.44167°N 19.81250°E | ||
Høgaste punkt | Maja Jezercë | ||
- stad | Albania | ||
• høgd | 2 694 moh. | ||
Lengd | 645 km, NV-SØ | ||
Areal | 175 000 km² | ||
Geologi | Sedimentær | ||
Periode | Mesozoikum | ||
Dei dinariske Alpane 43°N 19°E / 43°N 19°E | |||
Topografisk kart
| |||
Wikimedia Commons: Dinaric Alps |
Ho strekkjer seg 645 km langs kysten av Adriahavet (nordvest-sørvest) frå Dei juliske Alpane i nordvest og ned til Šar-Korab-massivet, der fjella går i nord-sør retning. Det høgaste fjellet i Dei dinariske Alpane er Prokletije, på grensa mellom Montenegro og Albania, med ein topp kalla Jezerca på 2 692 m.
Dei dinariske Alpane er det mest kuperte og utstrekte fjellområdet i Europa utanom Kaukasus, Alpane og Dei skandinaviske fjella. Dei er stort sett danna av sedimentære bergartar som dolomitt, kalkstein, sand og konglomerat danna av hav og innsjøar som ein gong dekte området. Då Alpane vart danna for 50 til 100 millionar år sidan førte sidevegs press til at fjella vart folda og overskyvd i ein stor boge rundt dei gamle rigide fjella som gjekk mot nordaust.
Dei dinariske Alpane vart kasta opp i meir eller mindre parallelle fjellkjeder frå Dei juliske Alpane til området i Nord-Albania og Kosovo der fjellterrenget endar i Drindalen og slettene i Kosovo. Šar- og Korab-fjella stig så opp på nytt sør for elva Drin og held fram sørover til Pindus i Hellas, og til fjella i Peloponnes, på Kreta og Ródos til Taurusfjella i sørlege område av Tyrkia.
Geologi
endreDei mesozoiske kalksteinsformasjonane dannar eit karakteristisk område på Balkan med karstformasjonar. Dei siste istidene hadde relativt lite direkte geoglogisk påverknad på Balkan, og det var ikkje permanent isdekke her, og det er lite bevis for utbreidd isbredanning. Berre dei høgste toppane av Durmitor, Orjen og Prenj har isbredalar og morener ned til 600 meter. I Prokletije, ei fjellkjede som går aust-vest ved grensa nord i Albania (og som dermed bryt trenden i det dinariske systemet) er det derimot bevis for at det har vore stor isbredanning.
Eit geoglogisk trekk med dagens landskap i Dei dinariske alpane er kalksteinsfjella, som er harde og eroderer sakte. Ofte fører dette til skarpe skrentar, ofte med bratte gjel der elvene renn gjennom.
Det mest utbreidde dømet på kalksteinsfjella i Europa er karstformasjonane i Dei dinariske alpane. Kalkstein er ein svært porøs bergart, som likevel er vanskeleg å erodere. Vatn er den viktigaste nedbrytingskrafta, som løyser opp kalkstein i samband med kjemiske reaksjonar. Når det siler gjennom sprekker i kalksteinen opnar det opp fleire sprekker og kanalar, som ofte kan gå svært djupt, og ein kan få heile system med underjordiske avløp. I løpet av lang tid kan desse arbeide seg djupare og djupare og etterlate seg tørre grotter og underjordiske labyrintar av kanalar og sjakter. Taket i desse grottene kan til slutt falle ned, og danna djupe gjel, slik at vatnet igjen vert blotta for overflata. Dinariske elvar, som Vrbas, Neretva, Tara og Lim, har t.d. danna praktfulle gjel. Dei dinariske Alpane søkk ned i Adriahavet i vest og dannar her fleire øyar og hamnar langs kysten av Kroatia.
Det er berre mogeleg med transport i dei djupe, dinariske elvedalane, og vegar og jarnbanar går gjennom tunnelar og langs smale bergskår med stride elvar under. Samtidig er fjellsidene heilt reine med lite jord og vegetasjon, og elvane er derfor ofte krystallklåre. Den vegetasjonen som er veks som regel i groper og langs smale striper.
Menneske i Dei dinariske Alpane
endreDet ligg ruinar av gamle festningar over heile fjellandskapet, som bevis på hundreår med krig. Her gøymde mellom anna illyrarane seg då romarane prøvde å erobre Balkan. Erobringa starta med vestsida av Adriahavet på 200-talet fvt.. Romarane erobra heile Illyria i 168 fvt. Fjella verna motstandsrørsla til illyrarane i mange år før området var heilt undertvinga i år 14 evt.
Området har i dag få innbyggjarar, og skogbruk og gruvedrift er dei største økonomiske aktivitetane i Dei dinariske alpane. Folket som høyrer til her er dei høgaste i Europa, der ein mann i snitt er 185,6 cm seint i tenåra.
Fjell i Dei dinariske Alpane
endreEnkelte av fjella i Dei dinariske Alpane er: