Elektrisk blues
Elektrisk blues syner til forskjellige former for blues som vert framført med elektrisk forsterka musikkinstrument. Gitaren var det første instrumentet som vart forsterka og brukt av tidlege pionerar som T-Bone Walker seint i 1930-åra og John Lee Hooker og Muddy Waters i 1940-åra. Stilen deira utvikla seg til West Coast-blues, Detroit-blues og etterkrigstida sin Chicago-blues, som skilde seg frå den tidlegare, hovudsakleg akustiske bluesen. Tidleg i 1950-åra spelte Little Walter bluesmunnspel inn i ein liten handheldt mikrofon, som sendte signala inn i ein gitarforsterkar. Sjølv om det tok litt lengre tid, tok den elektriske bassgitaren gradvis over for kontrabassen innan starten av 1960-åra. Elektriske orgel og andre klaverinstrument vart seinare mykje nytta i elektrisk blues.
Elektrisk blues | |||
| |||
Stilmessig opphav | Blues | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Slutten av 1930-åra i USA | ||
Typiske instrument | |||
Avleidde former | |||
Musikalske scener | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Electric blues» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2016.