Felles faktor er eit heiltal d som to heile tal a og b begge er delelege med. d er altså ein felles faktor for begge tala. Det eksisterer alltid ein største felles faktor for to heile tal, og denne største felles faktoren kan reknast ut ved hjelp av euklidisk algoritme. Om den største felles faktoren for to tal er 1, vert tala sagt å vere relativt primiske. Felles faktor kan definerast på ein tilsvarande måte for fleire enn to heile tal, samt for polynom.

Kjelder

endre