Den finske dialektkrigen

(Omdirigert frå Finske dialektkrigen)

Den finske dialektkrigen (finsk murteiden taistelu) er namnet på ein diskusjon om korleis det finske skriftspråket skulle sjå ut. Den finske dialektkrigen varte i perioden 1820-1840, mest intenst i starten og slutten av perioden.

Reinhold von Beckers artikkel Suomen kielestä i Turun Wiikko-Sanomat 15.1.1820. Artikkelen var opptakten til den finske dialektkrigen

Bakgrunnen for dialektkrigen var at det finske skriftspråket var meir representativt for dei vestfinske enn dei austfinske dialektane, og at det hadde relativt mykje innverknad frå svensk, samanlikna med dei austlege dialektane. Den nye politiske situasjonen etter 1809, då Finland ikkje lenger var ein del av Sverige, men ein del av Russland, gjorde det naudsynt å lage ein ny finsk identitet.

Bakgrunn

endre
 
Finske dialektar: Vestlege: 1. Sørvestfinsk (inkl. åbodialekten 2. tavastlendsk, 3. sørasterbottensk, 4. midt- og nordasterbottensk, 5. nordfinsk. Austlege:: 6. Savolaksisk, 7. karelsk.

Det finske språkområdet er delt i to, i vest- og austfinske dialektar. Innafor kvar del fell hovuddialektane til ein viss grad saman med dei historiske landskapa i Finland.

Opptakta

endre

Det er vanleg å seie at den finske dialektkrigen starta med ein programartikkel, Suomen kielestä (om det finske språket)[1] av Reinhold von Becker i Turun Wiikko-Sanomat (ei omsetjing av artikkelen er tilgjengeleg i Trosterud 1996). I artikkelen skildrar von Becker korleis kvart len og kvar bygd i Finland snakkar på ulik måte og at nett dei dialektane som skriftspråket bygger på (kystdialektane rundt Åbo) er mest påverka av estisk (ved at dei har apokope: siste vokal fell ofte bort) og av svensk (både i skrivemåte og ordforråd). von Becker skildrar så korleis han, så langt pengane har gjort det mogleg, har reist Finland på kryss og tvers for å skrive eit finsk som han gjer i Turun Wiikko-Sanomat.

Dialektkrigen på 1820-talet

endre

Programerklæringa vart skrive på finsk, nærare bestemt på nett den finsken von Becker gjekk inn for, i Turun Wiikko-Sanomat. Artikkelen gav opphav til ein heftig debatt, som gjekk føre seg på svensk, i tidsskriftet Mnemosyne eit par år framover. Den første kritikken vart skrive av Mattias Gottlund (Gottlund 1820). Hovudpoenget hans er at von Becker er for radikal og dialektnær, skriftforma må vere meir konservativ for å fange opp fleire dialektar. Spesifikt vil han at finsk i stadievekslinga skal uttrykkje svakt stadium av t som d, t.d. vuoden (genitiv av vuosi, 'år'), der von Becker ville ha vuoen) og svakt stadium av k (mellom runda vokalar) som v, t.d. leuvan (genitiv av leuka "kjeve"), der von Becker ville ha leuan. Matias Gottlund peiker på (s. 55) at svakt stadium av t er uttalt på mange måtar i dialektane (t.d. null, d, j, l, v) og at det beste vil vere å representere alle desse måtane med eitt symbol, bokstaven d.

Fleire forfattarar har innlegg i Mnemosyne ut over i 1920, både om val av bokstavar for stadievekslinga og om skriving av lånord og diftongar. Ingen går likevel så langt som å fjerne bostaven d, og Becker tar han også inn att i Turun Wiikko-Sanomat allereie i 1821.

I 1824 kjem Beckers finske grammatikk. Tabellen nedanfor (frå Trosterud 1996) gjev eit oversyn over eit sett fonologiske og morfologiske fenomen og viser korleis von Becker går inn får vestlege eller (som regel) austlege mønster.

Fenomen vestleg austleg resultat aust/vest eksempel
Fonologi
Initial konsonantgruppe (K1 + K2) (lån frå svensk) K1K2 K2 K2 austleg (k)lasi "glas"
Apokope ja nei nei austleg kalas(sa) "i fisken"
Morfofonologi
stadieveksling av t Ø,r,l Ø d som før pata : padan "gryte" (nom:gen)
stadieveksling av k i konteksten l/r __ e j Ø j vestleg kuljen "eg fer"
Kasus
Inessiv-ssA -sA -ssA -ssA austleg Suome-ssa "i Finland"
Genitiv pl. på fleirtalsstamme -in -i-en i-en austleg kala-in ~ kalo-jen "fiskanes"
Partitiv etter stamme på kort vokal -ta -a -a austleg omena-(t)a
Akkusativ av personleg pronomen -n -t -t austleg minut / *minun "meg"
Kongruensaffiks
3.p. possessivsuffis -nsA men -Vn etter V -nsa -nsa/-Vn -nsa/-Vn austleg kalassaan (-nsa) "i fisken sin"
Ordforråd
store delar av det lærde ordforrådet forfinskast, ofte med austlege former austleg

Diskusjonar på 1830-talet

endre

C. A. Gottlund (sonen til Mattias Gottlund) er i mot å ha ei standardisert språkform. I Gottlund 1831 argumenterer han for at alle skal skrive på sitt eige vis ("Skriv som du talar og tal som du pratar!) (s. LXIX). C. A. Gottlund er ute av takt med utviklinga i dialektkrigen: Dei mest ytterleggåande framlegga har ikkje fått framlegg, og med Elias Lönnrot si publiseringa av folke-eposet Kalevala får skriftnorma eit stabilt austleg ideal.

Oppsummering

endre

Det finske standardspråket som sto fram etter dialektkrigen var langt meir austleg enn språket hadde vore i svensketida. Argumenta for denne endringa var framfor alt at språket måtte spegle folkemåla betre, og ikkje berre det svenskpåverka språket rundt Åbo.

Når endringane kunne bli såpass store var det fordi motkreftene mangla.[2] Det var ingen overklasse med eigeninteresser i at deira språkvariant skulle halde fram som norm på det einaste rette, fordi språket deira var svensk og ikkje finsk. Dei såg ikkje på finsk som nokon trussel. Den einaste konservative krafta som brukte finsk var kyrkja, men ho deltok ikkje aktivt i debatten. I løpet av dialektkrigen kom det ingen nye bibelutgjevingar, og kyrkja sine finskspråklege publikasjonar var berre for allmugen.

Det var likevel grenser for kor mykje som kunne bli endra. Dei austfinske dialektane låg langt unna maktas sentrum. Diskusjonen i Mnemosyne viste også at det var grensar for kor langt von Becker kunne gå.

Kjelder

endre
  1. Artikkelen er tilgjengleg på det finske Nasjonalbiblioteket si side.
  2. Oppsummeringa byggjer på Trosterud 1996.

Primærkjelder

endre

Litteratur

endre
  • Häkkinen, Kaisa 1994: Agricolasta nykykieleen : suomen kirjakielen historia. [Frå Agricola til moderne språk : det finske skriftspråkets historie.] Helsinki: WSOY.
  • Impivaara, Heikki 1914: Turun Wiikko-Sanomain Aiheuttama kiista suomen oikeinkirjoituksesta ja A.I.Arwidssonin osallistus siihen. [Striden om finsk rettskriving forårsaka av Turun Wiikko-Sanomat og A.I.Arwidssons deltaking i den.] Virittäjä.
  • Koivusalo, Esko 1975: Fennofiilien murrekiista. [Dei fennofiles dialektstrid]. Suomi 117:3. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura.
  • Korhonen, Mikko 1986: Finno-Ugrian language Studies in Finland 1828-1918. Helsinki: Societas Scientiarum Fennica.
  • Lehikoinen, Laila og Silva Kiuru 1991: Kirjasuomen kehitys. [Utviklinga av skriftfinsk.] Helsinki: Helsingin yliopiston suomen kielen laitos.
  • Pulkkinen, Paavo 1972: Nykysuomen kehitys. Katsaus 1800- ja 1900-luvun kirjakieleen ja tekstinäytteitä. [Nyfinskens utvikling. Oversikt over 1800- og 1900-talets sktiftspråk med tekstprøver.] Tietolipas 72. Jyväskylä.
  • Rapola, Martti 1956: Murteiden taistelu - mitä se oli, ja mitä se ei ollut. [Dialektanes krig - kva det var, og kva det ikkje var.] Kalevalaseuran vuosikirja 36. Porvoo.
  • Rapola, Martti 1962: Vanha kirjasuomi. [Gammal skriftfinsk.] Tietolipas 1.Helsinki: SKS.
  • Trosterud, Trond: Den finske dialektkrigen (1820-1840). Mål og makt. Oslo: Studentmållaget. 1996. . Same artikkel i nettarkiv