Galakse
Ein galakse er ei samling av eit stort tal stjerner som blir haldne saman av gravitasjonskraft og som i tillegg inneheld gassar, støv, plasma og kanskje mørk materie. Galaksen som solsystemet vårt ligg i blir kalla Mjølkevegen. Dei minste galaksane er dverggalaksane og kan ha så få som ti millionar stjerner. Dei største gigantgalaksane kan ha så mange som éin billion stjerner. Fellestrekket er at alle stjernene og all massen går i bane rundt eit felles massesentrum.