Georgia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, då tevlinga vart arrangert i Helsingfors i Finland. Landet har delteke fjorten gongar og har to niandeplassar som beste plassering i Eurovision Song Contest. Georgia har kvalifisert seg til finalen sju gongar på fjorten forsøk og har tre sisteplassar i semifinalen som dårlegaste plassering.[1]
|
|
Offisielt |
Georgia
|
|
Uttakingar
|
Nasjonalt |
8
|
Internt |
6
|
Deltaking
|
Debutår |
2007
|
Deltakingar |
14
|
Beste resultat
|
Semifinalen |
3 (2010)
|
Finalen |
9 (2010 og 2011)
|
Verste resultat
|
Semifinalen |
Sist (2014, 2018 og 2022)
|
Finalen |
20 (2016)
|
Poeng
|
Semifinalane |
1 001
|
Finalane |
631
|
Totalt |
1 632
|
Det er den georgiske kringkastaren Sakartvelos Sazogadoebrivi Mauts'q'ebeli (GPB) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Georgia, og som vel det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest. Georgia debuterte i 2007 med Sopo Khalvasji og songen «Visionary Dream».
Georgia har delteke kvart år sidan, med unntak av i 2009, då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva. På grunn av krigen i Sør-Ossetia i 2008 har det vore debatt i Georgia om landet i det heile tatt skulle deltake i Eurovision Song Contest i 2009.[2] 28. august 2008 annonserte den georgiske kringkastaren GPB at Georgia ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest i 2009, med grunngjevinga av at dei ikkje ønsket å deltake i eit «land som bryt med menneskerettar og internasjonale lovar».[3] Men, i desember 2008 ombestemte kringkastaren seg, og Georgia melde seg likevel på tevlinga i Moskva. I den nasjonale finalen 18. februar 2009 vann popgruppa Stephane & 3G med discolåten «We Don't Wanna Put In». Men songen vart raskt ganske kontroversiell, ikkje minst fordi «Put In» var ein openberr referanse til den dåverande presidenten i Russland, Vladimir Putin. Russland protesterte mot teksta og fekk medhald frå Den europeiske kringkastingsunionen, som bad GPB om å endre teksta eller å velje ein annan song. 11. mars kunngjorde GPB at dei ikkje ville endre teksta og meinte kravet frå EBU kom som ei følgje av russisk press. Dimed trekte Georgia seg frå Eurovision Song Contest 2009.[4]
Året etter, i Bærum, var Georgia tilbake i Eurovision Song Contest og fekk ein niendeplass med Sopo Nisharadse. Ho deltok med songen «Shine», med tekst skriven av norske Hanne Sørvaag.
Ein ny niandeplass fulgte i Düsseldorf året etter, men sidan 2012 har Georgia hatt varierande resultat i tevlinga. Fem gongar har landet ikkje klart å kvalifisere seg til finalen. To av dei gongane har dei hamna på sisteplass i semifinalen.
Røystehistorikk (2007-2021)
endre