Granat
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Granat i geologi. For frukta, sjå granateple.
Granat (frå latin granatus, 'kornete') er ei metallhylse eller eit prosjektil som kan innehalda sprengstoff eller eit anna kjemisk stoff og typisk blir brukte i strid. Ein handgranat blir kasta for hand medan andre granatar kan skytast med artilleri eller gevær.
Sprenggranatar kan brukast til å sprenga sund eller opna daude mål. Sprengstykke inni dei kan skada eller drepa levande mål. Ein minegranat er ein granat som er meint å ha mineverknad, med stor sprenglading og forsinkelsesbrannrøyr slik at han kan trenga ned i jorddekningar og liknande før detonasjonen. Ein pansergranat skal slå gjennom panser på stridsvogner, festningar, krigsskip og andre motstandsdyktige mål. Desse kan ha lita eller inga sprenglading eller vera underkalibrerte, det vil seia at granaten har ei hard kjerne som etter skotløysing blir skild frå resten av granaten og fortset med stor hastigheit og dermed stor gjennomslagskraft mot målet.
Granatar med andre typar innhald er til dømes gassgranat, lysgranat, røykgranat og branngranat.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Granat: militærvesen» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. august 2014.
- «Minegranat» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. august 2014.
- «granat» i Nynorskordboka.