Haile Selassie I av Etiopia

etiopisk politikar
(Omdirigert frå Haile Selassie)

Haile Selassie I (23. juli 189227. august 1975) var keisar av Etiopia frå 2. april 1930 til 12. september 1974.

Haile Selassie I av Etiopia

Hans keisarlege majestet, keisar Haile Selassie I, Løva av Juda, Guds utvalde, konganes konge av Etiopia
Amharisk (geez)Oppahvleg Lij Tafari Makonnen (ልጅ ተፈሪ መኰንን, lǝǧ Täfäri Mäkonnǝn)
Som keisar Haile Selassie (ኃይለ፡ሥላሴ, Haylä Sǝlase)
Fødd23. juli 1892
FødestadEjersa Goro
Død27. august 1975
DødsstadAddis Abeba
GravstadTreenighetskatedralen
Gift medMenen Asfaw
DynastiDet salomonske dynasti
FarMakonnen Woldemikael Gudessa
MorYeshimebet Ali
BornTenagnework, Amha Selassie, Romanework, Zenebework, Tsehai, Prins Makonnen, Hertug av Harar, Sahle Selassie

Haile Selassie var av fyrsteleg slekt. Då han vart fødd fekk han først namnet Lij Tafari Makonnen. Han fekk status som tronfølgjar i 1916. Keisarinna Zewditu (Zäwditu ዘውዲቱ) utnemnde han til konge i 1928. Då ho døydde, vart han keisar. Namnet hans som keisar, Haile Selassie, tyder 'treeiningas makt'.

Under den italienske invasjonen av Etiopia 1936-1941 levde han i eksil i Storbritannia. Då okkupasjonen var slegen attende, kom han attende og regjerte fram til han vart avsett i eit militærkupp i 1974. Han døydde i fengsel i 1975.

Tilhengjarane av religionen rastafari ser på Haile Selassie som Messias. Ordet «rastafari» er samansett av ras ራስ 'hovud; hertug', og täfäri ተፈሪ, som var det opphavlege mellomnamnet hans.

Kjelder

endre