Interseksjonalitet

Interseksjonalitet er ein samfunnsvitskapleg teori og eit analytisk rammeverk som tek føre seg korso ulike former for makt og forskjellsbehandling samverkar i samfunnet. Ein ser mellom anna på korso kjønn, hudfarge, klasse og seksualitet kan føra til meir eller mindre omfattande form for undertrykking.[1]

Interseksjonell teori freistar å taka høgd for overlappande former for diskriminering og marginalisering.

Interseksjonalitet er det teoretiske grunnlaget for interseksjonell feminisme, eit perspektiv som frå 1990-åra vart dominerande innan akademisk feminisme, dei fleste moderne feministiske idétradisjonane og offisiell likestillingspolitikk.

Konseptet

endre

Omgrepet interseksjonalitet vart laga av den amerikanske jusprofessoren Kimberlé Crenshaw i 1989 for å visa korso diskriminering kan bestå av fleire faktorar som kjønnsidentitet, etnisitet, seksuell orientering, alder og klasse, og korso desse faktorane verkar saman.[2]

Fagomgrepet vart fyrst nøytt av Crenshaw og andre juristar i kritisk juridisk forsking. I 1990-åra fekk det ei større utbreiing i kjønnsforskinga og samfunnsvitskapane for å diskutera samverknader mellom ulike sosiale kategoriar.[3]

Døme

endre

Afroamerikanske kvinner kan verta marginaliserte både på grunn av sitt kjønn og hudfarge;[4] denne overlappande marginaliseringa kan medføra meir omfattande undertrykking.

Ei kvinne med hijab i Noreg kan til dømes oppleva å verta behandla annleis enn etnisk norske kvinner for di hijaben kan vekkja meiningar og fordomar knytt til kombinasjonen av at ho er kvinne, har ein etnisk minoritetsbakgrunn og er muslim. Dette kan igjen påverka leve- og livsvilkåra hennar negativt.[5]

Interseksjonell feminisme

endre

Omgrepet interseksjonell feminisme vert ofte nøytt om feminisme som nyttar eit interseksjonelt analytisk rammeverk for å forstå overlappande former for diskriminering og marginalisering. Interseksjonell feminisme vert ofte nøytt synonymt med inkluderande feminisme som freistar å taka høgd for ulike former for diskriminering og marginalisering i samfunnet og inkludera marginaliserte grupper. Dette gjeld til dømes den diskrimineringa og marginaliseringa som særleg råkar etniske minoritetar, funksjonshemma, kjønnsminoritetar og seksuelle minoritetar.

Interseksjonell feminisme vart teken i bruk som eit kritisk perspektiv som gjekk på tvers av ulike etablerte feministiske straumdrag. Det vart eit viktig perspektiv i den tredje bylgja til feminismen i 1990-åra. Den interseksjonelle forståinga har sidan 1990-talet vorte dominerande innan akademisk feminisme, dei fleste moderne feministiske idétradisjonar og offisiell likestillingspolitikk, mellom anna for UN Women.[6] Interseksjonell feminisme er ikkje ei særskild form for feminisme, men eit perspektiv innan moderne feminisme som i dag er utbreidd i alt frå liberal- til marxistisk feminisme. Interseksjonell feminisme har dimed sidan 1980-talet gått frå å vera eit nytt, kritisk perspektiv til å verta det anerkjente hovudperspektivet i moderne feminisme.[7]

Norsk politikk

endre

Norske styresmakter ynskjer ei interseksjonell eller flerdimensjonal innretning av likestillingspolitikken, og offentlege utgreiingar av likestillingspolitikken frå 2011 og 2012, som NOU 2011:18 og NOU 2012:15, drøftar samanhengen mellom kjønn, livslaup, klasse og etnisitet.[5]

Den norske utviklinga, som har gjeve eit felles handhevings- og pådrivarapparat på fleire diskrimineringsgrunnlag, må sjåast i samanheng med ein breiare europeisk trend. Dette er ein trend i retning av integrering og harmonisering av diskrimineringsvernet og større merksemd om korso diskriminering kan førekoma for fleire grunnlag samstundes.[5]

Kjelder

endre
  1. «Intersectionality | Definition, Kimberle Crenshaw, History, Applications, Criticism, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 26. september 2024 
  2. Crenshaw, Kimberlé. "Demarginalizing the intersection of race and sex: A black feminist critique of antidiscrimination doctrine, feminist theory and antiracist politics." u. Chi. Legal f. (1989): 139.
  3. Gressgård, Randi (14. mars 2013). «Interseksjonalitet». Tidsskrift for kjønnsforskning (på norsk) 37 (1): 64–67. ISSN 0809-6341. doi:10.18261/ISSN1891-1781-2013-01-05. 
  4. Crenshaw, Kimberle (1991). «Mapping the Margins: Intersectionality, Identity Politics, and Violence against Women of Color». Stanford Law Review 43 (6): 1241–1299. ISSN 0038-9765. doi:10.2307/1229039 – via JSTOR. «Because of their intersectional identity as both women and of color within discourses that are shaped to respond to one or the other, women of marginalized within both. [p.1244]» 
  5. 5,0 5,1 5,2 Thun, Cecilie: interseksjonalitet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 26. september 2024.
  6. «Intersectional feminism: what it means and why it matters right now», UN Women – Headquarters (på engelsk), 1. juli 2020, henta 26. september 2024 
  7. Tong, Rosemarie. Feminist Thought: A More Comprehensive Introduction. Routledge. ISBN 9780429974878.

Vidare lesing

endre