Jordskorpe

(Omdirigert frå Jordskorpa)

Jordskorpa er den ytre delen av jorda og ligg over den underliggande mantelen. Grensa mellom dei to vert kalla Moho eller Mohorovičićs diskontinuitet. Under havområda er jordskorpa berre i snitt 8 til 10 km tjukk og består av bergartar av basaltisk samansetning. Under kontinenta er skorpa i snitt 35 km tjukk og har ei granittisk samansetning.

Tverrsnitt av jorda frå jordkjernen til eksosfæren.

Kjelder

endre

«jordskorpen» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.