Kaliningrad oblast
Kaliningrad oblast[a] er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Det administrative distriktet (oblastet) omfattar dei nordlege delane av den gamle provinsen Austpreussen i Tyskland. Området går frå Austersjøen opp til Litauen, og vart okkupert av Sovjetunionen etter Andre verdskrig. Hovudbyen i oblastet har namnet Kaliningrad. I 1946 vart byen omdøypt frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. Kaliningrad oblast er ein eksklave utan samband over land til det eigentlege Russland, og er frå 2004 omgjeve av EU-landa Polen og Litauen.
Kaliningrad oblast | |||
Калининградская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Den nordvestlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Kaliningrad | ||
Areal | 15 100 km² | ||
Folketal | 976 569 (1. januar 2016)[1] | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +2 | ||
Bilnummer | 39 | ||
Kaliningrad oblast 54°48′00″N 21°25′00″E / 54.8°N 21.416666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Kaliningrad Oblast |
Ved vala til oblast-parlamentet 13. mars 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet. Heile 16,5 % av veljarane røysta «mot alle», som tilsvarar å røysta blankt.
Folkesetnad
endreDen einaste store byen er Kaliningrad, som hadde 431 900 ibuarar i 2010.[4]
Dei største folkegruppene ved folketeljinga i 2010 var:[4]
- Russarar: 82,0 %
- Ukrainarar: 3,5 %
- Kviterussarar: 3,5 %
- Litauarar: 1,0 %
7349 personar, 0,7 % av befolkninga, oppgav tysk nasjonalitet.
Kjende personar frå Kaliningrad oblast
endre- Aleksej Leonov, kosmonaut
- Viktor Patsajev, kosmonaut
- Ljudmila Putina, kona til president Vladimir Putin
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.gks.ru/free_doc/new_site/population/demo/Popul2016.xls.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «26. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2018 года». Henta 23. januar 2019.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 https://www.bbc.com/news/world-europe-18284828.
- ↑ 4,0 4,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010