Klassisisme
(Omdirigert frå Klassisismen)
Klassisisme er kulturelle straumdrag som hentar inspirasjon frå den gresk-romerske høgkulturen i antikken. Innan kulturhistoria viser nemninga særleg til 1700-talet, då klassiske ideal prega arkitektur, biletkunst, klede og musikk.
Ulike fagfelt kan bruke nemninga «klassisisme» om ulike tidsbolker, nemninga er brukt i arkeologien om klassismen under Hadrian og om den karolingiske renessansen på 800-talet. I kunsthistorien bruker ein nemninga om ei retning innan europeisk bygningskunst på 1500- og 1600-talet og om nyklassisismen i perioden 1770-1830 som gjaldt innan mange kunstartar.
Nyklassismen er blitt kalla «den eigentlege klassismen», og vert delt i to periodar: Louis 16-stilen frå 1770-90 og empire frå 1880-25.
Kjelder
endre- Kunnskapsforlaget Store norske leksikon 1980, ISBN 82-573-0031-4
Bakgrunnsstoff
endre- «klassisisme» i Store norske leksikon, snl.no.