Kongeriket Nederlanda

monarki i Europa og Karibia
For det tidlegare nederlandske kongeriket, sjå Det sameinte kongeriket Nederlanda. For kongeriket i Europa, sjå Nederland.
Koninkrijk der Nederlanden (nl)
Kongeriket Nederlanda
Det e flagget
Det e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av
Offisielle språk Ingen1, de facto nederlandsk, engelsk, papiamento og vestfrisisk
Hovudstad Amsterdam2
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Willem-Alexander
Mark Rutte
Valuta Euro, antilliansk gylden,
arubansk florin og amerikanske dollar
Tidssone UTC -4 og +1 (sommartid +2)
Nasjonalsong «Wilhelmus van Nassouwe»
Nasjonaldag 27. april (Koningsdag)
15. desember (Koninkrijksdag)
1Papiamento er offisielt språk i den karibiske delen av kongeriket.[1] Engelsk er offisielt språk på øyane Bonaire, Sint Eustatius, Saba[1] og i Sint Maarten. Spansk er ikkje eit offisielt språk, men er likevel utbreitt på øyane. I Friesland har vestfrisisk formell stauts.[2] Plattysk og limburgsk er offisielt anerkjend som regionale språk i Nederland.

2Regjeringa sit i Haag. Oranjestad er hovudstad på Aruba, Willemstad er hovudstad på Curaçao og Philipsburg er hovudstad i Sint Maarten.


Kongeriket Nederlanda er eit kongerike som frå 2010 består av fire land: Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Fram til 1975 var òg Surinam ein del av kongeriket og frå 1954 til 2010 Dei nederlandske Antillane. Kongeriket Nederlanda er eit monarki sui generis med føderale trekk og Koning/Koningin der Nederlanden (kongen/dronninga av Nederland) som statsoverhovud. Tilhøva mellom dei ulike landa i kongeriket er fastlagt i Statutt for Kongeriket Nederlanda av 28. oktober 1954.

Noko som ofte er uklart er skilnaden mellom Kongeriket Nederlanda (dei fire landa saman) som eit føderalt monarki og det europeiske landet Nederland som ein desentral einheitstat. Såvel i Nederland som i Kongeriket Nederlanda er styreforma konstitusjonelt monarki.

Del av føderasjonen Folkesetnad Areal Folketettleik
 Nederland 16 847 007 (2011) 41 526 km² 404,16 innb./km²
 Aruba 104 589 (2010) 193 km² 541,91 innb./km²
 Curaçao 141 766 (2009) 444 km² 319,29 innb./km²
 Sint Maarten 40 917 (2009) 34 km² 1 203,44 innb./km²

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.