Laika
Laika var ein sovjetisk romhund, blandingshund og tidlegare gatehund. Ho vart det fyrste dyret til å gå i bane kring jorda, om bord i satellitten Sputnik 2.
Laika døydde av overoppheiting etter at temperaturen i satellitten nådde 40 °C. Varmekontrollsystemet i satellitten fungerte ikkje av di fråskiljinga av Blok A-kjernen i bane ikkje var vellukka. Dessutan hadde noko av isolasjonen på satellitten vorte riven laus.
Kjelder
endre- Russia opens monument to space dog Laika - Associated Press via USA Today
- Sputnik 2 Arkivert 2007-12-05 ved Wayback Machine. - NSSDC
Bakgrunnsstoff
endre- Tandberg, Erik. (14. februar 2009). Laika. I Store norske leksikon.