Manduca

insektslekt

Manduca er ei slekt av sommarfuglar som tilhøyrer familien tussmørkesvermarar (Sphingidae). Dei rundt 70 artane i slekta lever i den nye verda. Desse er store, grå eller brune svermarar. Blant artane har ein særleg studert tobakksvermar (Manduca sexta) og tomatsvermar (M. quinquemaculata),[1] som er kjende som skadedyr.[2][3]

Manduca
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Familie: Tussmørkesvermarar Sphingidae
Stamme: Sphingini
Slekt: Manduca
Hübner, 1807

Utsjånad

endre

Manduca-artar er middelsstore til særs store (vengespenn 80–180 mm), grå eller brune svermarar. Kroppen er spoleforma og vengene høvesvis smale. Hovudet er stort og breitt, og sugesnabelen velutvikla og lang. Bakkroppen har ofte gule sideflekker. Forvengene er brun- eller gråaktige med varierande teikningar, bakvengene er vanlegvis mørke med lysare tverrband. Larvane er vanlegvis grøne med lyse skråstriper på sidene. I alle fall dei fremste kroppsledda er knudrete eller dekte med små piggar på ryggsida, nokre gonger er heile larva kledd med piggar. Puppane har oftast ei meir eller mindre lang, fri, sugesnabel-slire som står ut frå kroppen.

 
Larven til tobakksvermar.

Levevis

endre

Larvane kan leva på ei lang rekkje ulike planter, og det kan vera store variasjonar tilmed innan ei art kan det. Hyppig brukte plantefamiliar er søtvierfamilien (Solanaceae), jernurtfamilien (Verbenaceae), trompettrefamilien (Bignoniaceae) og rubladfamilien (Boraginaceae). Nokre artar kan gjera skade i jordbruket, særleg på planter i søtvierfamilien slik som potet, tomat, tobakk, aubergine, chilipepar og paprika.

Utbreiing

endre

Slekta Manduca kan finnast over det meste av dei amerikanske kontinenta bortsett frå lengst i nord og lengst i sør. Det finst flest arter i dei tropiske områda. Nokre artar kan vandra ein heil del og kan dermed dukka langt opp nord for det eigenlege utbreiingsområdet.

Artsgalleri

endre

Kjelder

endre
  1. Kawahara, A. Y., et al. (2013). Evolution of Manduca sexta hornworms and relatives: Biogeographical analysis reveals an ancestral center of diversification in Central America. Molecular Phylogenetics and Evolution, in press.
  2. «A very hungry caterpillar: Researchers sequence genome of 'gluttonous' tobacco hornworm | Kansas State University | News and Communications Services», www.k-state.edu, henta 4. september 2023 
  3. Nick Volesky; Marion Murray (2019). «Tomato Hornworm, Tobacco Hornworm (Manduca quinquemaculata and Manduca sexta)». Utah State University Extension and Utah Plant Pest Diagnostic Laboratory.