Nederland i Eurovision Song Contest
Nederland debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956, og var det fyrste landet til å opptre i Eurovision Song Contest, då Jetty Paerl var fyrste artist til å opptre i finalen med songen «De vogels van Holland». Nederland har delteke 62 gongar og er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest. Nederland har sidan debuten berre stått over tevlinga fire gongar: i 1985 og 1991, då finalane vart arrangert same dag som det er minnedag i Nederland for offera i andre verdskrigen; og i 1995 og 2002 på grunn av dårlege resultat åra før. Nederland har vunne tevlinga fem gongar: i 1957, 1959, 1970, 1975 og 2019.[1]
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Nederland | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 46 | ||||
Internt | 16 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1956 | ||||
Deltakingar | 62 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 1 (2014) | ||||
Finalen | 1 (1957, 1959, 1970, 1975 og 2019) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | Sist (2011) | ||||
Finalen | Sist (1958, 1962, 1963 og 1968) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 711 | ||||
Finalane | 3 254 | ||||
Totalt | 4 965 |
Historikk
endreNederland var eitt av sju land som deltok i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i sveitsiske Lugano i 1956. Nederland fekk æra av å vere det fyrste landet til å opptre i Eurovision Song Contest, med artisten Jetty Paerl og songen «De vogels van Holland». Opphavleg var det allmennkringkastaren NTS og sidan NOS som sendte Eurovision Song Contest i Nederland, men i takt med fleire mediereformer har ulike nederlandske kringkastingsselskap hatt ansvaret for å velje ut det nederlandske bidraget. Sidan 2014 har kringkastaren AVROTROS hatt ansvaret for Nederland si deltaking i Eurovision Song Contest.[2] Finalesendingane vert overførte på den riksdekkjande tv-kanalen NPO 1 via kringkastingsorganisasjonen NPO, som AVROTROS er ein del av.
Dei nederlandske bidraga vart sidan byrjinga valde ut gjennom den nasjonale songtevlinga Nationaal Songfestival. Etter ein serie med svake resultat i perioden 2005-2012, la AVROTROS ned tevlinga og erstatta henne med internt utvalde låtar og artistar.
Opp- og nedturar
endreNederland hadde ein svært god start i Eurovision Song Contest og vann tevlinga både i 1957 og 1959. Derimot vart 1960-åra ein svak periode for Nederland, blant anna med tre sisteplassar, der to av dei var sisteplassar med null poeng. Men i 1969 vann Nederland Eurovision Song Contest for tredje gong, ein delt siger saman med Frankrike, Spania og Storbritannia. 1970-åra vart ein god periode for Nederland, med ein fjerdeplass i 1972, tredjeplass i 1974 og sin fjerde siger i 1975. Fram mot tusenårsskiftet hadde Nederland svingande resultat i Eurovision Song Contest, og landet måtte stå over tevlinga i 1995 og 2002 på grunn av dårlege resultat åra før. I åtteårsperioden 2005-2012 kvalifiserte ikkje Nederland seg til éin einaste finale, og ingen andre land har hatt så mange semifinale-deltakingar på rad utan å nå ein finale. Fyrst i 2013 snudde rekkja med dårlege plasseringar, då Anouk tok Nederland til finalen med songen «Birds».[3] Ho kom på niandeplass, noko som var den beste plasseringa til Nederland sidan 1999. Finalen vart også det mest sette programmet i Nederland i 2013, med nesten 5 millionar sjåarar.[4]
I 2014 var Nederland nær ved å vinne sin fyrste siger på nesten 40 år, då duoen The Common Linnets vart nummer to med «Calm After the Storm» - berre slått av Conchita Wurst frå Austerrike. Det nederlandske bidraget fekk 12 poeng frå åtte land – deriblant Noreg.[5] Også i 2016-2019 kvalifiserte Nederland seg til finalen, og i 2019 lykkast det omsider for Nederland å få ein ny siger, då Duncan Laurence gjekk til topps med songen «Arcade». Dette var den femte sigeren til Nederland, og den fyrste sigeren på 44 år. På grunn av sigeren skulle Nederland arrangere tevlinga i 2020, men tevlinga vart avlyst i mars 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa.[6] Men EBU beslutta at Nederland skal arrangere Eurovision Song Contest i 2021 i staden.
På grunn av dei gode resultata etter 2013 har Eurovision Song Contest oppnådd høg popularitet i Nederland. I 2015 var finalen i Eurovision Song Contest det mest sette programmet på nederlandsk fjernsyn gjennom heile året. 4,3 millionar sjåarar fekk med seg finalen på tv-kanalen NPO 1.[7] I 2017 var det tilsvarande talet nærare 4,1 millionar sjåarar, og då Nederland vann i 2019, vart finalen sett av 4,4 millionar - ein marknadsandel på 75 prosent.[8][9]
Fråvær
endreNederland er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest og har berre stått over fire tevlingar. Både i 1985 og 1991 trekte Nederland seg frå tevlinga, ettersom finalane fall på 4. mai – ein nederlandsk minnedag for daude i krigar og konfliktar etter andre verdskrigen.[10] I 1995 og 2002 vart Nederland tvinga til å stå over tevlinga på grunn av dårlege resultat åra før.
I 2000 deltok Nederland, men kringkastaren NOS avbraut sendinga etter éin time på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede tidlegare same dag. Også telefonavrøystinga vart avlyst, og difor kom dei nederlandske poenga frå reservejuryen til Nederland.[11]
Vertskap
endreNederland har arrangert Eurovision Song Contest fire gongar. Fyrste gongen var i 1958, etter at Nederland vann tevlinga året før. Nederland vann på nytt i 1959, men avstod frå å arrangere finalen i 1960 av økonomiske årsaker. I staden stilte sølvvinnaren Storbritannia opp som arrangør av Eurovision Song Contest 1960 – året då Noreg debuterte i Eurovision Song Contest.[12]
Nederland arrangerte tevlinga for andre gong i 1970, etter å ha vunne i 1960. Sigeren delte dei med Frankrike, Spania og Storbritannia, og Nederland fekk arrangøroppgåva etter ei loddtrekking mellom dei og Frankrike. Spania og Storbritannia var uaktuelle for arrangøroppgåva, sidan dei hadde arrangert dei to føregåande finalane.[13]
I 1976 arrangerte Nederland sin tredje finale, etter at Teach-In vann tevlinga året før med songen «Ding-a-dong». Fjerde og førebels siste gong Nederland arrangerte Eurovision Song Contest var i 1980. Eigentleg var det Israel som skulle arrangere finalen, etter å ha vunne på heimebane i 1979. Israelsk fjernsyn bad difor om å få sleppe arrangørjobben, og etter mykje om og men tok Nederland til slutt på seg oppgåva med å arrangere Eurovision Song Contest i 1980.[14]
Nederland skulle også arrangere Eurovision Song Contest i 2020, men tevlinga vart avlyst i mars 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa. I staden vedtok EBU at Nederland skulle arrangere tevlinga i 2021.[6][15] 16. mai 2020, same dato som finalen i Eurovision Song Contest 2020 skulle ha vore, arrangerte Nederland Eurovision: Europe Shine a Light. Dette var eit direktesendt underhaldningsshow som erstatning for Eurovision Song Contest 2020.
Bidraga
endreRøystehistorikk (1957-2021)
endreFinalane
endre
|
|
Galleri
endre-
Corry Brokken, vinnar av Eurovision Song Contest 1958.
-
Edsilia Rombley i Helsingfors i 2007.
-
Duncan Laurence, vinnar av Eurovision Song Contest 2019.
Eurovision Song Contest i Nederland
endreEurovision: Europe Shine a Light
endre16. mai 2020 arrangerte Nederland Eurovision: Europe Shine a Light. Dette var eit direktesendt underhaldningsshow som erstatning for Eurovision Song Contest 2020, som vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet.[16] Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit var programleiarar for sendinga.[17]
År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2020 | Hilversum | Media Park Studio 21 | Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit |
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ «The Netherlands – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ Sanjay (Sergio) Jiandani (15. juli 2013). «The Netherlands: AvroTros confirm participation in Eurovision 2014». esctoday.com. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Netherlands qualifies for Eurovision final with Anouk». Dutch Daily News. 14. mai 2013.
- ↑ Roy Knoops (3. januar 2014). «The Netherlands: Eurovision 2013 ratings hit thanks to Anouk». esctoday.com. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2014 Grand Final». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ 6,0 6,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. mars 2020.
- ↑ «Jaarrapport tv 2016 – årsrapport for nederlandsk fjernsyn» (PDF). Stichting Kijkonderzoek. 18. januar 2017. Henta 10. desember 2017.
- ↑ «De TV van gisteren: Eurovisie Songfestival trekt ruim 4 miljoen kijkers - Televizier.nl». Televizier.nl (på nederlandsk). Henta 10. desember 2017.
- ↑ Granger, Anthony (19. mai 2019). «The Netherlands: 74.5% Of The Viewing Audience Watched The Eurovision 2019 Grand Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. mai 2019.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1991». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ Theofilos Toronidis (13. juni 2012). «Editorial: Looking back at Eurovision 2000». ESCDaily.com. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1960». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1970». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1980». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Rotterdam returns as Eurovision Song Contest Host City in 2021». eurovision.tv. 16. mai 2020. Henta 6. juni 2020.
- ↑ Granger, Anthony (1. april 2020). «Eurovision: Europe Shine a Light To Be Broadcast Live From Hilversum». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. juni 2020.
- ↑ «Eurovision: Europe Shine A Light». eurovision.tv. 9. april 2020. Henta 6. juni 2020.
Kjelder
endre- Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Nederland i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2020.