No Doubt
No Doubt er eit amerikansk band frå Anaheim i California, som speler ska og alternativ rock-musikk. Bandet har vunne to grammyprisar og har selt 27 mill. album på verdsbasis.
Karriere
endreNo Doubt blei danna i 1987 av syskenparet Gwen og Eric Stefani og av John Spence, der alle var sterkt inspirerte av Madness. Gruppa gjekk gjennom nokre utskiftingar, m.a. etter John Spence tok livet av seg. I 1992 gav ho ut debutalbumet sitt No Doubt. Plata, som blanda pop og ska, drukna i den pågåande grunge-bølga, og gruppa blei droppa av plateselskapet sitt.
Etter å ha sendt ut den kanta og punk-inspirerte The Beacon Street Collection sjølv fekk gruppa ein ny platekontrakt. Dette resulterte i Tragic Kingdom, som fekk mykje speletid på MTV med songane «Just A Girl» og «Spiderweb». Det var likevel først med den tredje singelen frå albumet, «Don't Speak», at det endelege gjennombrotet kom. Singelen blei ein kjempehit, og sendte albumet opp til fyrsteplassen på den engelske albumlista.
Suksessen auka forventingarne til det følgjande album The Return of Saturn, som kom ut til blanda mottaking. Den poppa stilen førte til hitsinglar som «Simple Kind of Life» og «Ex-Girlfriend», men salsmessig var albumet ei skuffing.
Diskografi
endreAlbum
endre- 1992: No Doubt
- 1995: Beacon Street Collection
- 1995: Tragic Kingdom
- 2000: Return of Saturn
- 2001: Rock Steady
- 2003: The Singles 1992-2003
- 2004: Everything In Time
- 2012: Push and Shove
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «No Doubt» frå Wikipedia på dansk, den 24. september 2023.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene: