Solsymbol
Solsymbol er symbol som viser sola i ei stilisert form. Dei kan ha mange ulike utformingar; mellom anna er svastika eit solsymbol. Solsymbol har stor tyding innanfor psykoanalyse, symbolisme, astrologi, religion og mystisisme.
Ulike slag solsymbol
endreEnkel sirkel
endreEin enkel sirkel som den på det japanske flagget, det bangladeshiske flagget og det australske aboriginarflagget.
Sirkel med eit punkt i sentrum
endreEin sirkel med eit punkt i sentrum er det astronomiske og det astrologiske symbolet for sola, og den gammalegyptiske teiknet for "sol" eller "Ra" i det hieroglyfiske skriftsystemet. Teiknet for «sola» eller «dag» i tidleg kinesisk skrift var liknande, men det har utvikla seg i til 日 (ri) i moderne skrift.
Solkross
endreSolkross, hjulkors eller solehjul er eit symbol som består av ein gresk kross med ein sirkel rundt. Det var eit vanleg symbol i skandinaviske helleristingar frå så tidleg som bronsealderen, og har kunna symbolisera solen, hjul og særleg hjula på solvogna. Solkrossen blir ofte sett på som å representera dei fire årstidene og òg som eit astronomisk symbol eller dyrekrinsen for jorda.
-
Solkross
-
Ringtromma brukt av samar i sjamanistitsk religion. På nokre samiske trommer var det symbolet for Beaivi, som er det samiske namnet på sola.
-
Samisk høgskole i Kautokeino brukar det samiske solsymbolet, som liknar ein solkross
Svastika
endreSvastika er eit gammalt solsymbol brukt av buddhistar, jainistar og hinduar utan å ha ei nazistisk tilknyting. På Holmön i Västerbotten i Sverige er symbolet bumerke for Abels gård.
-
Svastika er eit vanleg solsymbol som i vesten i etterkrigstida mest blir knytt til nazismen.
-
«Broten» solkross, sirkulær svastika
Åttetakka stjerne
endreDen åttetakka stjerna på flagga til Udmurtia, Mordovia, Mari El, Tsjuvasjia og det irakiske flagget frå 1959 til 1963 symboliserer sola.
Åtteeika hjul
endreDet åtteeika hjulet er ein versjon av solkrossen.
Triskele solesymbol
endreVisse former av triskele blir rekna som solesymbol. På flagget til Ingusjetia symboliserer triskelen sola.
Rosett-solsymbol
endreSlavisk og ungarsk solsymbol og populært som dekorasjon.
Solsirkel
endreDen sekseika slaviske solsirkelen er eit symbol for Svantevit, som er ein krigsgud i slavisk mytologi.
Solstrålar
endreUruguay, Kiribati og nokre versjonar av flagga til Argentina er offisielle emblem som inneheld solstrålar. Land som Taiwan, Kasakhstan, Nepal og Filippinane har òg flagg med solstrålar. Dessutan har det japanske orlogsflagget og flagga til Tibet og Arizona solstrålar.
-
Argentina
-
Arizona (USA)
-
Republikken Kina (Taiwan)
-
Kasakhstan
-
Kiribati
-
Kurdistan
-
Nepal
-
New Mexico (USA)
-
Nord-Makedonia
-
Filippinane
-
Tibet
-
Uruguay
-
Pernambuco i Brasil
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Solsymbol» frå Wikipedia på svensk, den 22. august 2024.