Tolvskillingsoperaen

Tolvskillingsoperaen (tysk Die Dreigroschenoper) er eit skodespel av Berthold Brecht med musikk av Kurt Weill. Die Dreigroschenoper hadde urpremiere i Berlin i 1928, ei norsk omsetjing vart oppsett i Oslo 1930.

Die Dreigroschenoper frå 1928

Brecht byggjer teksten på ei tolking av Elisabeth Hauptmanns omsetjing av Tiggeroperaen (The Begger's Opera) av John Gay (1728). Handlinga er hos Brecht lagt til London i 1890-åra, men språket og typeteikningane har trekk frå livet i Berling i åra etter første verdskrigen. Tolvskillingsoperaen er ei satirisk samfunnsskildring, med ein politisk radikal bodskap. Skodespelet vart alt frå urpremiera stor suksess.

Halldis Moren Vesaas har omsett dei tyske tekstane til nynorsk. Stykket er fleire gonger sett opp på Det norske Teatret.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tolvskillingsoperaen