Zuid-Holland
Zuid-Holland (Sør-Holland) er ein provins i Nederland som ligg vest i landet ved kysten av Nordsjøen. Provinsen er den mest folkesette og industrialiserte av dei nederlandske provinsane. Han grensar til Zeeland i sørvest, Noord-Brabant i søraust, Gelderland i aust, Utrecht i nordaust og Noord-Holland i nord.
Sør-Holland | |||
Provincie Zuid-Holland | |||
provins | |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Den Haag | ||
Areal | 3 418,50 km² | ||
Folketal | 3 577 032 (31. desember 2013)[1] | ||
Zuid-Holland 52°00′00″N 4°40′00″E / 52°N 4.6666666666667°E | |||
Kart som viser Zuid-Holland.
| |||
Wikimedia Commons: South Holland |
Her ligg store byar som Den Haag (administrasjonssete) og Rotterdam. Andre byar er Dordrecht, Leiden, Delft, Gouda og Katwijk. Rotterdam har ei av dei største hamnene i verda. Zoetermeer er ein særs ny by og det meste av han vart bygd i 1970-åra. Andre nyare byar er Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis og Spijkenisse, som alle ligg i nærleiken av Rotterdam.
Området er ein del av elvedeltaet til dei to store elvane Rhinen og Maas. Av andre elvar og kanalar i provinsen finn ein Nieuwe Maas, Nieuwe Waterweg, Oude Maas, Haringvliet, Hollands Diep, Oude Rijn og Hollandse IJssel.
Historie
endreProvinsen Zuid-Holland vart danna i 1840 då provinsen Holland vart delt inn i ein nordleg (Noord-Holland) og ein sørleg del. Sidan den gong har Zuid-Holland gjeve frå seg dei tre kommunane Oudewater i 1970, Woerden i 1989 og Vianen i 2002 til provinsen Utrecht.
Kommunar
endreZuid-Holland er delt inn i 60 kommunar. Her ei liste over kommunane med lenkje til kart over kommunen:
Øyar
endre(frå nord til sør, og frå vest til aust, med kommunar)
- Rozenburg
- Rozenburg
- delar av Rotterdam
- IJsselmonde
- Voorne-Putten
- Hoeksche Waard
- Oud-Beijerland
- Binnenmaas
- delar av Korendijk
- Cromstrijen
- Strijen
- Eiland van Dordrecht
- Dordrecht
- Goeree-Overflakkee
- Tiengemeten
- delar av Korendijk
Inndeling
endreDet er fire offisielle regionar i provinsen:
- Zuid-Holland Zuid
- Drechtsteden
- Alblasserdam, Dordrecht, Hendrik-Ido-Ambacht, Papendrecht, Sliedrecht, Zwijndrecht
- the rest of the Hoeksche Waard og Tiengemeten
- Goeree Overflakkee
- Drechtsteden
- Zuid-Holland West
- Haaglanden
- Delft, Den Haag, Leidschendam-Voorburg, Midden-Delfland, Pijnacker-Nootdorp, Rijswijk, Wassenaar, Westland, Zoetermeer.
- Leidse regio
- Alkemade, Leiden, Leiderdorp, Oegstgeest, Voorschoten, Zoeterwoude
- Duin- en Bollenstreek
- Hillegom, Katwijk, Lisse, Noordwijk, Noordwijkerhout, Teylingen
- Haaglanden
- Zuid-Holland Oost
- Krimpenerwaard
- Bergambacht, Nederlek, Schoonhoven, Vlist, Ouderkerk
- Alblasserwaard-Vijfheerenlanden
- Giessenlanden, Gorinchem, Graafstroom, Hardinxveld-Giessendam, Leerdam, Liesveld, Nieuw-Lekkerland, Zederik.
- Rijnstreek
- Alphen aan den Rijn, Jacobswoude, Nieuwkoop, Rijnwoude
- Gouwestreek
- Bodegraven, Boskoop, Gouda, Moordrecht, Nieuwerkerk aan den IJssel, Reeuwijk, Waddinxveen, Zevenhuizen-Moerkapelle
- Krimpenerwaard
- Rijnmond
- Albrandswaard, Barendrecht, Bernisse, Brielle, Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis, Krimpen aan den IJssel, Lansingerland, Maassluis, Ridderkerk, Rotterdam, Rozenburg, Schiedam, Spijkenisse, Vlaardingen, Westvoorne
Uttrykket Zuidvleugel refererer til ein stor del av provinsen:
- Drechtsteden og ein del av Hoeksche Waard: Binnenmaas, Oud-Beijerland
- Zuid-Holland West
- Rijnmond
- ein liten del av Zuid-Holland Oost: Gorinchem, Hardinxveld-Giessendam
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «South Holland» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.