Hopp til innhald

Victoria av The Kinks: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Andersbot (diskusjon | bidrag)
s robot: la til skanwiki
TXiKiBoT (diskusjon | bidrag)
s robot la til: br:Victoria (kanaouenn)
Line 39: Line 39:
<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->
<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->


[[br:Victoria (kanaouenn)]]
[[en:Victoria (song)]]
[[en:Victoria (song)]]

Versjonen frå 28. juni 2009 kl. 23:15

«Victoria»
Singel av The Kinks
frå albumet Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
B-side

«Mr. Churchill Says» (UK)
«Brainwashed» (USA)

Utgjeve 12. desember 1969
Innspelt Mai og juni 1969 i Pye Studios (No. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 3:40
Selskap Pye 7N 17865 (UK)
Reprise 0863 (USA)
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Shangri-La»
(1969)
«Victoria» «Lola»
(1970)


«Victoria» er ein song av The Kinks skriven av Ray Davies. Han er opningsspor på konseptalbumet deira Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) frå 1969.

Songen har ein satirisk stil som Ray Davis hadde vorte kjend for med hitten «Dedicated Follower of Fashion» i 1966. Teksten set formyndermentaliteten i Det britiske imperiet i viktoriatida, «Land of my Victoria/Land of hope and gloria», side om side med det barske livet i Storbritannia på 1800-talet, «Sex was bad and obscene/And the rich were so mean» og uttrykker korleis arbeidarklassen i landet smiska med dronninga, «Though I am poor, I am free/When I grow I shall fight/For this land I shall die».

Musikalsk startar songen med eit enkelt bluesriff og bygger seg opp til eit livleg klimaks med blåsarar og strykarar på «Land of hope and gloria»-mellomspelet. Avsluttinga består av blåsarar, tung rockegitar og korvokal frå Dave Davies og ein «psykedelisk» effekt med ei indiskliknande sekkepipe, som på singelen deira «See My Friends» frå 1965.

Singelen klarte ikkje å nå Topp 40 i USA, men nådde Topp 40 både i Storbritannia og Canada, og nådde Topp 10 i Sverige.

Andre utgåver

Ei utgåve av The Fall gjekk inn på Topp 40 i Storbritannia i 1988. Andre som har spelt songen er Cracker, Nomeansno og Sonic Youth.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Victoria (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: