Hopp til innhald

Le Monde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. august 2009 kl. 10:16 av HerculeBot (diskusjon | bidrag) (robot endra: nl:Le Monde (dagblad))
Fil:Le-monde auguste-blanqui 01.jpg
Hovudkontoret til Le Monde, i 80, Boulevard Auguste-Blanqui, Paris.

Le Monde er ei fransk dagsavis, stifta av Hubert Beuve-Méry i 1944. Avisa har eit opplag på 360 610 (2005). Le Monde er ikkje ei utprega nyheitsavis, men er kjend for å prenta lange og djuptgåande artiklar [1], og journalistane oppgjev ofte skriftlege kjelder for å dokumentera påstandar som vert framsette. Le Monde har mange framandspråklege medarbeidarar og avisa vert rekna for å vera «godt informert».

Opplag

Opplaget til Le Monde ligg i overkant av 350000 [2] (vitja 31/12-2008)

Tittel 2004 2005 2006 2007
Le Monde 380 592 367 153 355 017 358 655

Kjelder

  1. Fletcher, J., Le Monde, Past, Present and Future: A Vehicle for the Transmission of the Cultural Values of the French Elite, Europa, Vol. 2, No. 2, 1998.]
  2. le Monde, Association pour la contrôl de la diffusion des média.

Bakgrunnsstoff

Sjå òg