Ola T. Lånke
Utsjånad
Ola Torgeir Lånke fødd 18. mars 1948 i Rennebu) er ein tidlegare norsk stortingsrepresentant (KrF) og prest.
Han blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag i 1993. Lånke fråsa seg gjenval i 2009. I si tid på Stortinget har Lånke arbeidd lengst og mest med kultur- og mediaspørsmål. Han var saksordførar for ulike saker som ABM-meldinga (arkiv, bibliotek og museum), for Operasaken i fleire omgongar, Opprettelsen av Digitalt bakkenett for fjernsyn og Utflytting av statlige tilsyn m.fl..
Før han blei vald til Stortinget, var han stiftskapellan med ansvar for personalspørsmål i Nidaros bispedømme. Han er gift med ein prest, nå dagleg leiar for Nidaros Pilegrimsgård, Berit Lånke, som har vore nemnd ved fleire bispenominasjonar.
Stortingets presidentskap
- 2006–2009 visepresident i Lagtinget
Stortingskomitéar
- 2006-2009 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomitéen
- 2006-2009 medlem av Den utvida utanrikskomitéen
- 2005–2006 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen
- 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
- 2001–2005 varamedlem av Valkomitéen
- 1997–2001 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
- 1993–1997 sekretær i Kommunalkomitéen