Hopp til innhald

Qatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. oktober 2016 kl. 16:04 av Frokor (diskusjon | bidrag) (')
دولة قطر
Dawlat Qatar

(norsk: Qatar, qatarsk)

Det qatarske flagget Det qatarske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «As Salam al Amiri»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Qatar
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Doha
Styresett
Monarki
Tamim bin Hamad Al Thani
Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim Al Thani
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
11 586 km² (160.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 314 307 (141.)
199,8 /km² (50.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
3. september 1971
Nasjonaldag 3. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
324 200 mill. USD (50.)
145 000 USD (1.)
Valuta Qatarsk riyal
Tidssone UTC +3
Telefonkode +974
Toppnivådomene .qa


Qatar (arabisk قطر, Qaṭar), offisielt Staten Qatar (arabisk دولة قطر, Dawlat Qaṭar), er eit suverent land i Sørvest-Asia, på den vesle Qatarhaløya på nordaustkysten av Den arabiske halvøya. Det einaste grenselandet er Saudi-Arabia i sør medan resten av landet er omringa av Persiabukta. Eit sund i Persiabukta skil Qatar frå den nærliggande øya og kongedømet Bahrain. I 2013 hadde Qatar 1,8 millionar innbyggjarar: 278 000 qatararar og 1,5 millionar utlendingar.[1]

Etter det osmanske styret, vart Qatar eit britisk protektorat tidleg på 1900-talet fram til det fekk sjølvstende i 1971. Qatar har blitt styrt av Al Thani-familien sidan midten av 1800-talet. Qatar er eit absolutt monarki og statsleiaren er emir sjeik Tamim bin Hamad Al Thani.[2] Etter Saudi-Arabia er Qatar det mest konservative samfunnet i Golfrådet[3][4] sidan dei fleste qatararane følgjer den strenge wahhabi-tolkinga av islam.[5][6][7] Sharialova er hovudgrunnlaget for den qatarske grunnlova..[8][9]

Qatar er ein høgintektsøkonomi med den tredje største naturgass- oljereserven i verda.[10] Landet har den høgaste inntekta per innbyggjar i verda. Qatar er ein viktig deltakar i den arabiske verda og støtta fleire opprørsgrupper under den arabiske våren både økonomisk og gjenom den globalt utvidande mediagruppa Al Jazeera Media Network.[11][12][13] Qatar skal vere vertskap for verdsmeisterskapen i fotball 2022 som det første arabiske landet.[14] Trass i storleiken på landet, har Qatar stor makt i verda og vert rekna som ei mellommakt.[15][16]

Etymology

Plinius den eldre, ein romersk forfattar, var den første som skreiv om innbyggjarane på halvøya, kring midten av det første hundreåret evt. Han kalla dei Catharrei, som kan ha kome frå namnet på ein viktig lokal busetnad.[17][18] Eit hundreår seinare teikna Klaudios Ptolemaios det første kjende, europeiske kartet som synte halvøya, då kalla Catara.[18][19] Kartet synte òg ein by kalla «Cadara» aust på halvøya.[20] Omgrepet 'Catara' (eller Cataraei)[21] vart mykje nytta fram til 1700-talet, før 'Katara' vart den vanlege stavinga.[20] I nyare tid er den moderne avleiinga Qatar blitt namnet på landet.[20]

Historie

Antikken

Prikkutskjeringar ved Jebel Jassassiyeh, datert til kring 4000 fvt.

Ein har funne spor av menneske i Qatar 50 000 år attende.[22] Ein har grave fram busetnader og reiskap frå steinalderen på halvøya.[22] Ein har funne mesopotamiske lekamar frå Ubaid-perioden (ca. 6500–3800 fvt.) i ein fråflytta kystbusetnad.[23] Al Da'asa, ein busetnad på nordaustkysten av Qatar, er den viktigaste Ubaid-staden i landet, og ein trur at han har vore ein sesongbasert leir.[24][25]

Ein har funne kassit-babylonske stoff datert attende til det andre tusenåret fvt. på Al Khor-øyane som syner at det har vore handel mellom Qatar og kassitane i dagens Bahrain.[26] Blant funna er 3 000 000 knuste snigelskal og kassittiske potteskar.[24] Ein trur at Qatar kan ha vore ein av dei tidlegare kjende stadane der ein dreiv med farging ved hjelp av skaldyr, sidan det fanst ein kassittisk purpurfargeindustri på kysten her.[23][27]

I 224 evt. fekk Sasanideriket kontroll over områda kring Persiabukta.[28] Qatar spelte ei rolle i handelsaktiviteten til sasanidane, der dei bidrog med to varer: dyrbare perler og purpurfarge.[29] Under sasnidane vart mange av innbyggjarane i Aust-Arabia introduserte for kristendom etter at mesopotamiske kristne spreidde religionen austover.[30] Det vart bygde kloster og busetnader i denne tida.[31][32] Under den siste delen av den kristne perioden, bestod utgjorde Qatar ein region kalla 'Beth Qatraye' (gammalsyrisk for «Qatar-regionen»).[33] Regionen var ikkje avgrensa til Qatar, og omfatta òg Bahrain, Taroutøya, Al-Khatt og Al-Hasa.[34]

I 628 sende Muhammed eit muslimsk sendebod til ein herskar i Aust-Arabia kalla Munzir ibn Sawa Al Tamimi og bad om at han og undersåttane hans underla seg islam. Munzir forplikta seg til dette og dei fleste arabiske stammene i regionen konverterte så til islam.[35] Etter islam kom til området leia arabarane den muslimske erobringa av Persia som førte til at Sasanideriket falt.[36]


Geografi

Qatar består av ei 160 km lang halvøy samt nokre mindre øyar rundt omkring denne. Hawarøyane rett vest for halvøya høyrer til likevel Bahrain.

Klima

Qatar har eit heitt klima med lite nedbør. Persiabukta er det varmaste havvatnet i verda, og Qatar har dermed svært høg luftfukt, som i samband med høge temperaturar fører til svært trykkande varme om sommaren. Temperaturen kan om sommaren nå opp i 50 °C. I tillegg kjem det ikkje nedbør mellom mai og september, medan ein kan ha enkelte regnbyger resten av året. Vinteren er mild eller varm med ein snittemperatur på kring 20 °C, og vêret er stort sett solrikt og behageleg. Qatar får om lag 100 mm nedbør i løpet av eit år. Sandstormar opptrer ofte, særleg om våren.

Politikk

Landet vert styrt av ein emir, som fungerer som eineveldig monark. Politiske parti er forbodne[37].

Kart over Qatar

Samferdsel og infrastruktur

Qatar har eit godt utbygd vegnett. Doha internasjonale lufthamn ligg rett utanfor hovedstaden og det vert for tida bygd ein ny og større flyplass rett bortanfor den gamle. Qatar har korkje jarnbane eller sporvegar. Planar om ein togbane frå industribyen Mesaieed til Wakra og Doha er likevel annonserte, men det har ikkje vorte stadfest av Mowasalat, kollektivfirmaet i Qatar, at det hender i næraste framtida. Kollektivtransport er avgrensa. Det har dei siste åra vorte oppretta bussruter over heile landet, men drosje er framleis det viktigaste framkomstmiddelet for dei som ikkje har eige køyretøy. Kvinner kan køyre bil – i motsetning til i Saudi Arabia.

Telekommunikasjonane er moderne med internasjonale samband via både landkabel, sjøkabel og satellitt. Det nasjonal teleselskapet, Qtel, dominerer marknaden, men dei siste åra har det kome fleire aktørar på mobilmarknaden.

Kjelde

  1. «Population of Qatar». Henta 22. oktober 2016. 
  2. «Qatar: regional backwater to global player». BBC News. 6. januar 2013. Henta 22. oktober 2016. 
  3. «Qatar: Revolution From the Top Down». National Geographic. Henta 22. oktober 2016. 
  4. «For Qatari Women, Change Slow in Coming». ABC News. Henta 22. oktober 2016. 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet wahh
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet insom
  7. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet risingreuters
  8. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet con
  9. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet qat1
  10. «Indices & Data | Human Development Reports». Dei sameinte nasjonane Development Programme. 14. mars 2013. Arkivert frå originalen 12. januar 2013. Henta 20. oktober 2015. 
  11. Dagher, Sam (17. oktober 2011). «Tiny Kingdom's Huge Role in Libya Draws Concern». Online.wsj.com. Henta 23. oktober 2016. 
  12. «Qatar: Rise of an Underdog». Politicsandpolicy.org. Henta 23. oktober 2016. 
  13. Ian Black in Tripoli. «Qatar admits sending hundreds of troops to support Libya rebels». Theguardian.com. Henta 23. oktober 2016. 
  14. Paul Rhys in Doha. «Blatter reaches out to Arabia». Aljazeera.com. Henta 23. oktober 2016. 
  15. Cooper, Andrew F. «Middle Powers: Squeezed out or Adaptive?». Public Diplomacy Magazine. Henta 22. oktober 2016. 
  16. Kamrava, Mehran. «Mediation and Qatari Foreign Policy» (PDF). Henta 22. oktober 2016. 
  17. Casey, Paula; Vine, Peter (1992). The heritage of Qatar. Immel Publishing. s. 17. 
  18. 18,0 18,1 «History of Qatar». Qatar Statistics Authority. Henta 23. oktober 2016. 
  19. «Maps». Qatar National Library. Henta 23. oktober 2016. 
  20. 20,0 20,1 20,2 «About us». Katara. Henta 23. oktober 2016. 
  21. Hazlitt, William (1851). The Classical Gazetteer: A Dictionary of Ancient Geography, Sacred and Profane. Whittaker & co. 
  22. 22,0 22,1 Toth, Anthony. «Qatar: Historical Background.» A Country Study: Qatar (Helen Chapin Metz, editor). Library of Congress Federal Research Division (January 1993). Denne artikkeklen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
  23. 23,0 23,1 Khalifa, Haya; Rice, Michael (1986). Bahrain Through the Ages: The Archaeology. Routledge. s. 79, 215. ISBN 978-0710301123. 
  24. 24,0 24,1 «History of Qatar» (PDF). www.qatarembassy.or.th. Ministry of Foreign Affairs. Qatar. London: Stacey International, 2000. Henta 23. oktober 2016. 
  25. Rice, Michael (1994). Archaeology of the Arabian Gulf. Routledge. s. 206, 232–233. ISBN 978-0415032681. 
  26. Magee, Peter (2014). The Archaeology of Prehistoric Arabia. Cambridge Press. s. 50, 178. ISBN 9780521862318. 
  27. Sterman, Baruch (2012). Rarest Blue: The Remarkable Story Of An Ancient Color Lost To History And Rediscovered. Lyons Press. s. 21–22. ISBN 978-0762782222. 
  28. Cadène, Philippe (2013). Atlas of the Gulf States. BRILL. s. 10. ISBN 978-9004245600. 
  29. «Qatar - Early history». globalsecurity.org. Henta 23. oktober 2016. 
  30. Gillman, Ian; Klimkeit, Hans-Joachim (1999). Christians in Asia Before 1500. University of Michigan Press. s. 87, 121. ISBN 978-0472110407. 
  31. Commins, David (2012). The Gulf States: A Modern History. I. B. Tauris. s. 16. ISBN 978-1848852785. 
  32. Habibur Rahman, s. 33
  33. «AUB academics awarded $850 000 grant for project on the Syriac writers of Qatar in the 5th Century BC» (PDF). American University of Beirut. 31. mai 2011. Henta 23. oktober 2016. 
  34. Kozah, Mario; Abu-Husayn, Abdulrahim; Al-Murikhi, Saif Shaheen (2014). The Syriac Writers of Qatar in the Seventh Century. Gorgias Press LLC. s. 24. ISBN 978-1463203559. 
  35. «Bahrain». maritimeheritage.org. Henta 23. oktober 2016. 
  36. Fromherz, Allen (28. mai 2016). Qatar: A Modern History. Georgetown University Press. s. 44, 60, 98. ISBN 978-1-58901-910-2.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  37. – Hydros miljøimperialisme, Ottar Fyllingsnes, Dag Og Tid, 25. februar 2006