Jaysuma Saidy Ndure
Jaysuma Saidy Ndure | |
Statsborgarskap | Noreg, Gambia |
Fødd | 1. juli 1984 (40 år) Bakau, Gambia |
Yrke | sprintar, friidrettsutøvar |
Høgd | 192 centimeter |
Jaysuma Saidy Ndure på Commons |
Jaysuma Saidy Ndure fødd 1. juli 1984 er ein norsk friidrettsutøvar. Ndure er fødd i Bakau i Gambia med ein norsk far. Han voks opp i Gambia, men kom til Noreg som 18-åring. Han har vore sponsa av Den internasjonale olympiske komitéen som ein del av et utviklingsprogram. Ndure er medlem av IL i BUL i Oslo.
Karriere
Under OL i Athen i 2004 var Ndure flaggberar for Gambia under opningsseremonien. Han blei slått ut i mellomheata på både 100 m og 200 m, etter å ha sett ny nasjonal rekord med 10,26 i forsøksheatet på 100 m. Før OL tok han bronse på 100 m i det afrikanske meisterskapen. I 2005 deltok Ndure i friidretts-VM i Helsingfors for Gambia. På 200 m blei han nr 5 i sitt semifinaleheat med tida 20,75. Han var sju hundredels sekund frå ein finaleplass.[1] Under verdsfinalen i Stuttgart 2006 løp han inn til 6. plass og ny personleg rekord - 20,47.
I desember 2006 fekk Ndure norsk statsborgarskap. Likevel kunne han ikkje representere Noreg i internasjonale meisterskap fordi det gambiske friidrettsforbundet ikkje godkjente at han representerte Noreg og gav han karantene på eitt til tre år.
7. august 2007 sette Ndure ny norsk og nordisk rekord på 100 meter da han løp på 10,07 under DN-gallaen i Stockholm - eitt hundredels sekund raskare enn den gamle rekorden til Geir Moen. I sitt første NM vann han gull både på 100 m og 200 m og fekk også kongepokalen for sin siger på 100 m.[2] 14. august 2007 blei det kjent at Ndure avla positiv prøve på cannabis under eit stemne i Luzern 28. juni. Saka vart droppa i Noreg av Antidoping Noreg. IAAF med sine regler og retningslinjer gav Jaysuma likevel ei offentleg åtvaring. Ndure nekta for å ha røyka cannabis, og forklarte at han fekk i seg stoffet gjennom ufiltrert te, som han ikkje kjente til inneheldt cannabis.[3]
8. september 2007 løp han sin første A-finale i Golden League, og løp inn til ein 2. plass i møte med fleire VM-finalistar frå VM i Osaka.[4] Same dag blei det kjent at Noreg og Gambia var einige om at Ndure kan representere Noreg.[5] 16. september 2007 vann han sin første A-finale i Golden League. Han løp inn til tida 10,14 sekund i Berlin og slo briten Marlon Devonish med eitt hundredels sekund.[6] 22. september betra han den norske rekorden ytterlegare, til 10,06, under Grand Prix-finalen i Stuttgart.
23. september 2007 sette Ndure ny norsk rekord på 200 meter under verdscupfinalen i Stuttgart, og slo Geir Moen sin 11 år gamle rekord. Med tida 19,89 var han første nordmann under den magiske grensa på 20 sekund. Tida ville halde til sølv under VM i Osaka 2007, og er den femte beste tida prestert i år 2007.
Fotnotar
- ↑ «"Norsk" gambier utslått i semifinalen». nrksport.no. 10. august 2005. Henta 8. september 2007.
- ↑ «Holm og Ndure fikk kongepokalene». VG Nett. 12. august 2007. Henta 8. september 2007.
- ↑ «Har positiv dopingsak». nrksport.no. 14. august 2007. Henta 8. september 2007.
- ↑ «N'Dure imponerte på 100 meter». nrksport.no. 7. september 2007. Henta 8. september 2007.
- ↑ «N'Dure får løpe for Noreg». nrksport.no. 7. september 2007. Henta 8. september 2007.
- ↑ «Gyllen seier til Ndure». Siste.no. 16. august 2007. Henta 16. september 2007.