Hopp til innhald

Gane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 31. mars 2021 kl. 11:05 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{Infoboks anatomi|Name=Ganen|Bilete=06-06-06palataltori.jpg|bilettekst=Bilde av ganen sett frå munnhola.|Latin=palatum|arterie=Arteria palatina descendens|vene=Plexu…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gane

Bilde av ganen sett frå munnhola.
Detaljar
Latinpalatum
Arteria palatina descendens
Plexus pterygoideus og plexus pharyngeus
Sensorisk: Nervi palatini
Nodi lymphatici cervicales profundi
Klassifikasjonar og ressursar
TAA05.1.01.102
FMA54549
Anatomisk terminologi

Gane, gom eller munntak (latin palatum) er den delen av munnen som skil han frå nasehola.[1] Han er danna av den harde ganen (palatum durum) framme og den blaute ganen (palatum molle) eller ganeseglet inn mot svelget.[2]

Den harde ganen er sett saman av overkjevebeinet (maxilla) og ganebeinet (os palatinum) og kledd med ei fastvoksen slimhinne. Den blaute ganen er danna av bindevev og muskulatur med ei slimhinne utanpå. Midt på den bakre kanten av denne ganen heng drøvelen.[2]