Apple Macintosh
Macintosh, også kjend som Mac, er namnet på en samling personlege datamaskinar produsert av dataføretaket Apple Computer.
I 2011 bestod produktlinja av dei berbare maskinane MacBook Air og Pro, kompakt-maskina Mac Mini, alt-i-eit maskina iMac, og Mac Pro meint for profesjonelle brukarar.
Macar bruker Apple sitt eige operativsystem, Mac OS X («OS 10»). Mac OS er ikkje tilgjengeleg på nynorsk, men ein bokmålsvariant er inkludert i systemet. Mac OS 10.7 introduserte også programvare for skjermlesing på bokmål. (Meint som ein hjelpeteneste for synsreduserte.) Mac OS versjon 10.5 og nyare kan utvidast med stavekontroll.[1]
Historie
Namnet kjem frå ein populær eplesort, McIntosh, og eplet er framleis brukt som logo av Macintosh. Den første datamaskina vart lansert i januar 1984 med den kjende Super Bowl-reklamen «1984» – inspirert av George Orwells dystre framtidspådom med same tittel. Det var den første datamaskina som populariserte det grafiske brukergrensesnittet (frå engelsk: Graphical User Interface, forkorta GUI) og dette var i sin tid sett på som ein revolusjonerande forandring i IT-verda.
Bakgrunnsstoff
- Norsk offisiell Apple side for Noreg
- Noregs største Mac-portal Arkivert 2007-06-06 ved Wayback Machine.
- Macintoshreklamen vist under SuperBowl i 1984 Arkivert 2005-07-03 ved Wayback Machine.
Kjelder
- Fotnotar
- ↑ Nynorsk stavekontroll Arkivert 2011-11-26 ved Wayback Machine. fro Mac OS 10.5 og nyare.