Bogø
Bogø | |
---|---|
Den nordlege hamna på Bogø | |
Geografi | |
Stad | Austersjøen, like vest for Møn |
Koordinatar | 54°55′33″N 12°02′24″E / 54.92583°N 12.04000°E
|
Areal | 13,07 km²
|
Høgaste punkt | Kathøj (32 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Region | Region Sjælland
|
Demografi | |
Folketal | 1 071 (2005) |
Folketettleik | 82 /km² |
Bogø er ei dansk øy, like vest for Møn. Øya er om lag 7 km lang og 3 km brei og har eit totalt areal på 13 km². Folketalet er like over 1 000, og 700 av desse bur i den største tettstaden Bogø by. Det høgaste punktet på øya er Kathøj på 32 meter.
Vest for Bogø ligg ei mindre øy, Farø, der motorvegen E47/E55 frå København til dei store øyane Lolland og Falster går. Motorvegane held vidare fram til Tyskland med ferje. Bogø er forbunde med veifylling til både Farø og Møn, og har ein av hovudvegane til Møn. I januar 2007 gjekk øya over til den nye Region Sjælland etter å ha vore ein del av Møn kommune tidlegare.
Øya har eit variert landskap, inkludert skogområde og tradisjonelle landsbyar. Øya var lenge kongefamilien sin eigedom, men i 1769 vart øya lagd ut for sal, og kjøpt av øybuarane for 18 456 rigsdaler. For å kunne betale dette måtte øybuarane kutte ned mykje av skogen på øya og dyrke mark i staden.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bogø» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2007.