Hopp til innhald

Borgarskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Le Bourgeois gentilhomme, 'den borgarlege adelsmannen'. Illustrasjon til eit stykke av Molière.

Borgarskap (også bursjoasi, frå fransk: bourgeoisie) er nemninga på ein samfunnsklasse som stod midt på rangstigen i det gamle standssamfunnet. Dei var korkje rike adelege eller fattige bønder eller arbeidarar, men levde relativt komfortable, sjølvforsørgde liv som til dømes legar, advokatar eller kjøpmenn.

industri-samfunnet og kapitalismen voks fram, voks borgarskapet mykje, og vart ein av hovudklassane i industrialiserte land, medan den andre var arbeidarklassen. Samtidig vart borgarskapet meir differensiert, med eit storborgarskap av rike kapitaleigarar og eit småborgarskap av til dømes småkjøpmenn og menn i sjølvstendige yrke som dei førnemnde legane og advokatane.

Samtidig voks det fram ein ny middelklasse av ulike typar funksjonærar i både privat og offentleg verksemd i det moderne samfunnet. Desse fleste av desse var lønsarbeidarar som den tradisjonelle arbeidarklassen, men hadde meir utdanning og høgare status enn denne. Dei blir vanlegvis ikkje rekna som tilhøyrande til borgarskapet.

Sjå òg

Kjelder

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.