Dolyna
Dolyna | |||
ukrainsk Долина | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Ivano-Frankivsk oblast | ||
Rajon | Dolyna rajon | ||
Koordinatar | 48°58′14″N 24°0′40″E / 48.97056°N 24.01111°E | ||
Areal | 27 km² | ||
Folketal | 20 453 (2011[1]) | ||
Folketettleik | 758 / km² | ||
Grunnlagd | 979 | ||
• Magdeburgrettar | 1525 | ||
• Bystatus | 1939 | ||
Borgarmeister | Volodymyr Harazd | ||
Postnummer | 77500 | ||
Retningsnummer | 3477 | ||
Dolyna 48°58′13″N 24°00′39″E / 48.970277777778°N 24.010833333333°E | |||
Kart som viser Dolyna.
| |||
Wikimedia Commons: Dolyna (city) | |||
Nettstad: http://rada.dolyna.info/ |
Dolyna (ukrainsk Долина, polsk Dolina) er ein by i Ivano-Frankivsk oblast (provins) sørvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Dolyna rajon (distrikt). Byen har kring 20 000 innbyggjarar.
Byen har ei historie som går attende til 900-talet og er ein av dei eldste i regionen. På 1300-talet vart Dolyna kjend for saltgruvene sine. I 1349 kom byen under Polen og i 1525 fekk han byrettar. I 1772 fall byen til austerrikarane og mista i 1791 bystatusen. Etter at Austerrike-Ungarn kollapsa kjempa Polen og Ukraina om kontroll over Dolyna i ein brodermorderisk strid vunnen av polakkane. I mellomkrigstida høyrte byen til Stanisławów voivodskap og var senter i Dolina fylke. Nabolandsbyane var busette av tyske nybyggjarar.
Under andre verdskrigen vart byen okkupert av sovjetarane og tyskarane og sidan innlemma i Ukrainske SSR. I 1950-åra vart det oppdaga olje i regionen som i 1958 produserte 65 % av all olja som vart utvunnen i Ukraina.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dolyna» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Uoffisiell nettstad Arkivert 2012-02-04 ved Wayback Machine. (ukrainsk)