Jakob Hoff
Jakob Hoff | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1843 Ørland kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 17. februar 1924 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Jakob Tøkersen Hoff (26. februar 1843–17. februar 1924) var ordførar i Ørland 1882-1916 og stortingsrepresentant for Venstre 1892–1906 og 1910–12.
Hoff dreiv fiskje i yngre år. I 1870 tok han over farsgarden på Hov i Opphaug og dreiv han til 1916.
Hoff var medlem av heradsstyret 1878-1919, ordførar 1882-1916. Han var forlikskommissær 1882-1900, samt både styreformann og seinare ordførar i representantskapet den lokale sparebanken.
Hoff var stortingsmann for Søndre Trondhjems amt 1892–1906 og for Indre Fosen krins 1910-12. På alle tingsamlingane var han medlem av kyrkjekomiteen, sekretær 1900-05 og 1910-12. Elles medlem av valkomiteen 1898-1906 og 1910-12, samt av spesialkomiteen i 1905. I 1906 var han medlem av deputasjonen som Stortinget sende til kongekryninga i Trondheim i 1906.
Han vart tildelt 7. juni-medaljen og Borgardådsmedaljen.
Hoff døydde på garden sin i 1924. Ein minnestein over han er reist på Ørland kyrkjegard.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Einskildmenn
- Fødde i 1843
- Døde i 1924
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1895-1897
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1901-1903
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Stortingsrepresentantar 1910-1912
- Folk frå Ørland
- Medaljen for borgardåd
- Norske gardbrukarar frå 1800-talet
- Norske gardbrukarar frå 1900-talet