Kongebøkene
Kongebøkene (hebraisk Sefer Melachim, ספר מלכים) er del av den jødiske Tanakh og den kristne Bibelen sitt gamle testamente. Bøkene var opphavleg skrivne på hebraisk som ein tekst, men i den kristne tradisjonen har dei vorte delt i første og andre Kongebok. Desse er ellevte og tolvte bok i Bibelen i den forma han har i dag. Oppdelinga oppstod ved omsetjinga av den hebraiske teksten til gresk i Septuaginta. Der vart denne boka og den hebraiske samuelsbokenboka (Sefer Melachim, ספר מלכים ) saman organisert som fire "kongedømebøker", noko som vart vidareført i Vulgata som 1.-4. kongebok. Frå King James version vart Vulgata si første og andre kongebok kjend som første og andre Samuelsbok, medan Vulgata si tredje og fjerde kongebok vart første og andre kongebok.
Bakgrunnsstoff
- Fyrste Kongebok på bibel.no
- Andre Kongebok på bibel.no
- מלכים א Melachim Aleph - Kings A (Første Kongebok på hebraisk-engelsk frå Mechon-Mamre.org)
- מלכים ב Melachim Bet - Kings B (Andre Kongebok på hebraisk-engelsk frå Mechon-Mamre.org)