Madeleine
Utsjånad
Madeleine er eit kvinnenamn som er ei fransk form av Magdalena, eit namn som tyder 'frå Magdala'. Madeleine har svensk namnedag den 22. juli.
Madeleine var noko brukt i Noreg før det fekk eit kraftig oppsving i populariteten på 1980-talet. I 2017 var det 2 051 norske kvinner som hadde Madeleine som førenamn.[1]
I Sverige blei det eit populært namn på 1970-talet, men popularitetsbølgja dalte mot slutten av 1980-talet. 31. desember 2009 hadde totalt 21 768 svenskar førenamnet Madeleine. I tillegg hadde andre variantar som Madelein, Madelene, Madelen, Madeléne og Madelén, totalt 10 864 personar.[2]
Madeleinekake, eller berre madeleine, er også namnet på eit fransk bakverk.
Kjende namneberarar
- Madeleine Albright (f. 1937), amerikansk politikar og utanriksminister
- Madeleine Peyroux (f. 1974), amerikansk jazzsongar
- Madeleine av Sverige (f. 1982), svensk prinsesse
- Madeleine Giske (f. 1987), norsk fotballspelar
- Madeleine Béjart, fransk skodespelar
- Madeleine Boullogne, fransk målar
- Madeleine Brès, fransk lege
- Madeleine Carroll, brittisk skodespelar
- Madeleine Gustafsson, svensk forfattar
- Madeleine Leijonhufvud, svensk professor i strafferett
- Madeleine L'Engle, amerikansk forfattar
- Madeleine McCann, forsvunnen jente
- Madeleine de Puisieux, fransk forfattar og feminist
- Madeleine Pyk, svensk kunstnar
- Madeleine de Scudéry, fransk forfattar
- Madeleine Stowe, amerikansk skodespelar
- Sophie Madeleine, britisk ukulele-artist
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Madeleine» frå Wikipedia på bokmål, og «Madeleine» frå Wikipedia på svensk den 30. juli 2017.
- ↑
- Søk etter norsk namnestatistikk for Madeleine hjå Statistisk Sentralbyrå
- ↑ SCB Namnsök