Hopp til innhald

Olga Pyljova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Olga Pyljova


Statsborgarskap Russland
Fødd 7. juli 1975 (49 år)
Borodino
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i Vinter-OL 2006, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's pursuit, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's relay, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett kvinner
Utmerkingar 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Venskapsordenen

Olga Valerjevna Pyljova[a] (fødd 7. juli 1975 i Borodino i Krasnojarsk kraj i Russland) er ein russisk skiskyttar. Ho er olympisk meister og verdsmeister i skiskyting. Mellom februar 2006 og februar 2008 er ho utestengd frå skiskyting grunna doping. På norsk ser ein ofte namnet hennar skrive Olga Pyleva.

Pyljova byrja å gå på ski som tiåring. Ho var først langrennsløpar og konkurrerte på høgt internasjonalt nivå som junior. I 1996 fekk ho dottera Dasja med mannen, Jevgenij Pyljov. Då ho vende tilbake til toppidrett gjekk ho over til skiskyting, og i 2000 kom ho med på det russiske landslaget. Same året var ho med å vinna det første av så langt fire VM-stafettgull i verdsmeisterskapen i skiskyting i Holmenkollen. I vinter-OL 2002 i Salt Lake City vann ho jaktstarten og i VM i Oberhof i 2004 vann ho 15 km.

I OL i Torino i 2006 kom ho i mål som nummer to på 15 km, men ho testa positivt for det forbodne stoffet Carphedon og vart diskvalifisert for doping. Ho vart utestengt frå skiskyting for to år frå 13. februar 2006.

Kortfatta merittliste

(per 15. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Ein 2. plass (2003/04), ein 3. plass
  • Verdsmeisterskap:
    • 5 gull (1 individuelt, 15 km 2004), 1 sølv, 1 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (jaktstart, 2002), 1 bronse
  • Verdscuprenn:
    • 10 gull, 13 sølv, 11 bronse

Merknadar

  1. Russisk skrift Ольга Валерьевна Пылёва