Pinball Wizard
Pinball Wizard Singel av The Who frå albumet Tommy | ||
B-side |
«Dogs, Part Two» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. mars 1969 | |
Innspelt | 7. februar 1969 i Morgan Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:01 | |
Selskap | Polydor Decca (US) | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent | Kit Lambert | |
The Who-kronologi | ||
«Magic Bus» (1968) |
Pinball Wizard | «Go to the Mirror!» (1969)
|
«Pinball Wizard» er ein song skriven av Pete Townshend og framført av det engelske rockebandet The Who. Songen finst på rockeoperaalbumet Tommy frå og vart gjeven ut som singel same året. Singelen nådde fjerdeplassen på den britiske singellista.
Historie
Teksten er skriven ut frå flipperspelmeisteren (pinballmeisteren) sitt synspunkt og han er forbløffa over kor god hovudkarakteren Tommy er til å spele flipperspel: «That deaf, dumb and blind kid sure plays a mean pinball» («Den døve, stumme og blinde guten kan verkeleg spele pinball») og «I thought I was the Bally table king, but I just handed my pinball crown to him» («Eg trudde eg var Bally-bordkongen, men eg berre gav frå meg pinballkrona til han»).
Townshend kalla ein gong songen «det mest klossete stykket han nokon gong hadde skrive»[1]; men songen vart likevel ein stor salssuksess og ein av dei mest kjende songane frå albumet. Songen vart òg ein konsertfavoritt hos tilhengjarane til The Who på grunn av den lett kjennelege melodien og pop-stilen.
Plassering på albumet
Seint i 1968 eller tidleg i 1969, då The Who spelte eit utkast av det nye albumet til kritikar Nik Cohn fekk det berre lunken mottaking av Cohn. Etter dette diskuterte Townshend, som var hovudlåtskrivar på Tommy, albumet med Cohn og kom fram til at for å lette litt på det tunge andelege temaet som låg over albumet, så burde hovudkarakteren, ein «døv, stum og blind gut» vere særleg god i eit eller anna spel. Sidan Cohn var ein stor fan av flipperspel, foreslo Townshend at Tommy kunne spele dette. Songen «Pinball Wizard» vart skriven og spelt inn like etter.
Medverkande
- Roger Daltrey – solovokal
- Pete Townshend – korvokal, felles solovokal, akustisk gitar, elektrisk gitar
- John Entwistle – bassgitar
- Keith Moon – trommer
Salslister og salstrofé
Vekeslister
|
Årslister
Salstrofé
|
Andre utgåver
Songen var ein del av ein medley i lag med andre songar frå Tommy («See Me, Feel Me») i ei innspeling av det britiske popbandet The New Seekers i 1973. Denne utgåva nådde 16. plass på den britiske salslista.
Songen vart framført av Elton John i filmutgåva av Tommy i 1975. Denne utgåva vart gjeven ut på singel same året i USA og i 1976 i Storbritannia, der han nådde sjuandeplassen på singellista. Elton John nyttar piano som hovudinstrument i songen i staden for den klassiske akustiske gitaren frå originalen, samt med ekstra tekstlinjer skrivne av Townshend for filmutgåva. I tillegg kan ein høyre hint av The Who sin «I Can't Explain» under avsluttinga av songen. Elton John framførte songen ein del på konsertane sine og fram til i dag er det den einaste coverversjonen av The Who som har nådd Topp 10 i Storbritannia.
Rod Stewart framførte songen under orkesterutgåva av Tommy i 1972 og han er med på fleire av samleplatene til Stewart.
Songen er òg spelt av Tenacious D, McFly, Genesis, The Flaming Lips og Ukulele Orchestra of Great Britain.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pinball Wizard» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hefte i CD-utgåva av Tommy av Richard Barnes
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 26. mai 1969. Henta 1. juli 2019.
- ↑ «SA Charts 1965–March 1989». Henta 5. september 2018.
- ↑ [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
- ↑ «Cash Box Top 100 5/31/69». archive.org. 30. juni 2016. Arkivert frå originalen 30. juni 2016. Henta 22. september 2019.
- ↑ http://www.sixtiescity.net/charts/69chart.htm#top100
- ↑ Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X.
- ↑ «British single salstrofé – The Who – Pinball wizard». British Phonographic Industry. Henta 5. juli 2018. Enter Pinball wizard in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- The Who-songar
- Songar frå 1969
- Singlar frå 1969
- Singlar frå 1975
- Singlar frå 1976
- Songar skrivne av Pete Townshend
- Decca Records-singlar
- DJM Records-singlar
- MCA Records-singlar
- Polydor Records-singlar
- Track Records-singlar
- Songar produserte av Kit Lambert
- Elton John-songar
- Rod Stewart-songar
- Genesis-songar
- Petula Clark-songar
- Kaiser Chiefs-songar
- The Shadows-songar