Storfyrstedømet Moskva
Княжество Московское Storfyrstedømet Moskva | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Hovudstad | Moskva | ||||
Språk | Russisk | ||||
Religion | Russisk-ortodoks | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Storfyrste av Moskva | |||||
- 1263–1303 | Daniel | ||||
- 1533–1547 | Ivan IV | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1263 | ||||
- Tsardømet erklært | 22. oktober 1547 | ||||
Valuta | Rubel |
Stortfyrstedømet Moskva (russisk Великое княжество Московское Velikoje knjazjestvo Moskovskoje) var ein russisk stat i mellomalderen rundt byen Moskva mellom 1340 og 1547. Storfyrstedømet Moskva var etterfølgjaren til Fyrstedømet Moskva og føregjengaren til Det russiske tsardømet.
Storfyrstedømet Moskva trekte velstand til den nordaustlege delen av Kiev-riket, oppretta handelssvegar til Austersjøen, Kvitsjøen, Kaspihavet og Sibir. Det vart skapt eit høgt sentralisert og autokratisk politisk system.
Historie
Då mongolane invaderte Kiev-riket var Moskva ein uviktig handelspost i fyrstedømet Vladimir-Suzdal. Sjølv om mongolane brende Moskva ned vinteren 1238 og plyndra byen i 1293, var handelsposten til ein viss grad verna av dei store skogane og den avsidesliggande plasseringa. Enno viktigare for Moskva sin veg mot stordom var at han vart styrt av ei rekkje ambisiøse, sluttsame og heldige fyrstar. Den første herskaren av fyrstedømet Moskva, Daniil Aleksandrovitsj (d. 1303), sikra at fyrstestaten vart eit arverike innanfor Rurik-dynastiet. Sonen hans Ivan I (regjerte 1325-1340), kjend som Ivan Kalita (Ivan Pengesekk), oppnådde tittelen Storfyrste av Vladimir frå dei mongolske overherrane. Han samarbeidde tett med mongolane og samla inn tributtar og skattar frå dei andre russiske fyrstedøme på deira vegne. Dette forholdet gjorde at Ivan fekk kontroll over hovudrivalen til Moskva, den nordlege byen Tver. I 1327 flytta Den russisk-ortodokse kyrkja hovudkvarteret sitt frå Vladimir til Moskva, noko som ytterlegare auka ryktet til Moskva.
På 1400-talet starta fyrstane av Moskva å samle dei russiske landområda inn under sitt eige herredøme. Den mest suksessrike av desse var Ivan den store (regjerte 1462-1505), som sigra over Republikken Novgorod i 1478 og Tver i 1485. Moskva fekk full kontroll over store delar av dei etnisk russiske områda i 1480 då overherredømet til Den gylne horden til tatarane enda under det store møtet ved Ugraelva. På byrjinga av 1500-talet var i praksis alle dei russiske landområda samla. Gjennom arv fekk Ivan III delar av fyrstedømet Rjazan, og fyrstedøma Rostov og Jaroslavl. Den nordvestlege byen Pskov vart verande sjølvstendig i denne perioden, men sonen til Ivan, Vasilij III (regjerte 1505-1533), erobra denne byen seinare.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Storfyrstendømmet Moskva» frå Wikipedia på dansk, den 5. november 2008.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- Russland
- Grigorij Kotosjikhin Russia during the reign of Alexey Mikhailovich (1665)
- Marshall Poe, Foreign Descriptions of Muscovy: An Analytic Bibliography of Primary and Secondary Sources, Slavica Publishers, 1995, ISBN 0-89357-262-4
- Jarmo Kotilane, Marshall Poe (red.), Modernizing Muscovy: Reform and Social Change in Seventeenth Century Russia, Routledge, 2004, ISBN 0-415-30751-1