Alberto Cova
Alberto Cova | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 1. desember 1958 (65 år) Inverigo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | ridder av Republikken Italias fortjenstorden |
Alberto Cova (fødd 1. desember 1958) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Inverigo i Como-provinsen. Han vart både europmeister (to gongar), verdsmeister og olympisk meister på 10 000 meter i tida 1982-86.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Langdistanseløparen Cova vart kjend for sine spurteigenskapar. Under friidretts-EM 1982 i Aten overraska han stort då han vann over Werner Schildhauer frå Aust-Tyskland. Året etter var det klart for den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i finske Helsinki, der Cova var ein av dei fremste medaljekandidatane. 10000-meteren gjekk lenge føre seg i eit roleg tempo, og då klokka ringde for siste runde var heile 13 løparar med i tetfeltet. 30 meter før mål låg Cova på femteplass, men på dei siste meterane sprang han seg forbi alle, og atter viste han Schildhauer til andreplassen.
Milløpet under Sommar-OL 1984 i Los Angeles gjekk lenge i eit endå rolegare tempo enn løpet i Helsingfors. Fyrst etter kring 7000 meter auka finske Martti Vainio farta, og einast Cova makta å halde fylgje. Vainio greidde ikkje å halde tempo heilt til mål, så på sisterunda tok Cova seg rimeleg enkelt forbi til OL-gull. Vainio vart elles i ettertid frådømt sølvmedalja, grunna doping.
Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vart Cova teken att og passert på sisterunda på 10 000-meterløpet, og det av sin eigen landsmann Stefano Mei. På 5000 meteren enda Cova som nummer åtte. Han deltok på 10000 meter under sommarleikane i Seoul i 1988, der vart han slått ut i kvalfiseringsa.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1982 i Aten: Gullmedalje - 27.41,0, framom Werner Schildhauer (27.41,2)
- VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje - 29.01,0, framom Werner Schildhauer (28.01,1)
- OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje - 27.47,5, framom Mike McLeod (28.06,2)
- EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje - 27.57,9, bakom Stefano Mei (27.56,7)
- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (28.43,8)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alberto Cova» frå Wikipedia på tysk, den 9. mai 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Alberto Cova» (på engelsk). olympedia.org. Henta 15. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1958
- Italienske langdistanseløparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Italia
- Europameistrar i friidrett for Italia
- Olympiske meistrar for Italia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1984
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988