Det endokrine systemet
Det endokrine systemet styrer hormonproduksjonen i kroppen, og omfattar mellom anna kjertlar og vev i hjernen (hypofysen og epifysen), i halsen (skjoldbruskkjertelen), i magen (nyrer og bukspyttkjertel) og i underlivet (eggstokkar og testiklar). Systemet blir også kalla Det indresekretoriske systemet.
Det endokrine systemet er eit av dei to indre kommunikasjonssystema i kroppen, saman med nervesystemet. Dei to blir bundne saman av den delen av hjernen som blir kalla hypothalamus. I hypofysen, også i hjernen, blir det danna fleire hormon som verkar på ulike hormonproduserande kjertlar, ofte for å stimulera hormonproduksjonen i desse kjertlane.
Ved hjelp av slike endokrine kjertlar blir det danna hormon som så blir sende med blodet til alle delar av kroppen. Slik blir det sendt informasjon til dei ulike cellene i kroppen slik at dei heile tida kan tilpassa sitt aktivitetsnivå til kva kroppen treng.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Det endokrine system» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2010.