Hopp til innhald

Periferieininga Kastoriá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Kastoriá
Περιφερειακή ενότητα Καστοριάς
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Makedonía
Hovudstad Kastoriá
Folketal 45 929 (2021[1])
Areal 1 720 km² Rangering 38.
Folketettleik 27/km²
Kommunar 3
Postnummer 52x xx
Retningsnummer 24670
Bilnummer KA
Heimeside www.kastoria.gr

Periferieininga Kastoriá (gresk Περιφερειακή ενότητα Καστοριάς) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Kastoriá.

Kastoriá grensar til Flórina, Grevená, Kozáni og Ioánnina. I vest grensar periferieininga til Albania.

Området er fjellendt med eit utprega kontinentalklima med kalde vintrar og varme somrar.

Av fjellkjeder finn ein Grámmos og Vóio i sørvest og Vérno i nordaust.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Kastoriá eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Kastoriá Nestório Akrítes 520 58 24670-91
Arrénes 500 07 24670-72
Grámos 522 00 24670-42
Nestório 520 51 24670-31
Árgos Orestikó Árgos Orestikó 522 00 24670-2
Íon Dragoúmis 520 53 24670-95
Kastoriá Kastoriá 521 00 24670-2 til 3
Ajía Triáda 521 00 24670-81
Áji Anárjyri 520 52 24670-51
Kastrakí 520 50 24670-86
Kleisoúra 520 54 24670-94
Koréstia 520 55 24670-84
Makední 520 56 24670-74
Mesopotamiá 520 58 24670-91
Vítsi 520 59 24670-72

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Kastoriá Kastoriá 13 387 12 548
Árgos Orestikó Árgos Orestikó 7 473 7 237
Khlói Kastoriá 3 079 3 233
Maniáki Kastoriá 3 055 2 612
Mesopotamiá Kastoriá 2 099 2 013
Mavrokhóri Kastoriá 1 287 1 270
Dispíli Kastoriá 976 944
Korisós Kastoriá 998 876
Kolokynthoú Kastoriá 744 691
Nestório Nestório 865 683

Referansar

[endre | endre wikiteksten]