Paradismønster
Paradismønster er eit oversyn over ulike mønster brukt til barneleiken paradis. Det finst eit utal variantar av leiken.
Mange eldre mønster kan vera rektangelforma med ein halvsirkel på toppen. I enkle variantar har ein berre ei rekkje ruter etter kvarandre, men ulike variantar kan ha to rekkjer ved sidan av kvarandre eller dela nokre av rutene på tvers eller diagonalt.
Ein utbreidd type minner om eit fly med venger. Denne heiter mellom anna «flygaren» i Noreg. Her ligg nokre ruter parallelt medan andre ligg enkeltvis på rekkje. Desse mønstera kan byrja og slutta med rektangel, eller dei kan ha halvsirklar eller heile sirklar i byrjinga eller slutten.
Nokre paradis har ruter til vekselvis høgre og venstre, slik at ein hopper meir i slalåm enn å hinka rett framover.
Ein type paradis kan vera danna som eit rutenett, til dømes sett saman av tre gonger tre ruter.
Ein heilt annan type er «sniglen», eit spiralforma paradis der ein hinkar eller hopper inn og ut igjen.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Enkel engelsk paradis frå rundt 1900[1]
-
Engelsk paradismønster frå rundt 1900[1]
-
Amerikansk mønster, ca. 1900[1]
-
Tysk «Himmel und Hölle» med hoppemønster.
-
Tysk variant
-
Tsjekkisk mønster på eit kjøpesenter.
-
Tsjekkisk mønster med dyrefigurar.
-
Typisk «flygar»-mønster med venger, utan topp.
-
Flygar-mønsteret kan lett forlengast.
-
Tre flygar-mønster som går mot eit sentrum i Nord-Irland.
-
Flygaren kan ha ein halvsirkel i enden.
-
Aserbajdsjansk paradis
-
Tsjekkisk «flygar» med todelt rund topp.
-
Tsjekkisk flygarvariant.
-
Tsjekkisk paradis med firedelt topp.
-
Nederlandsk paradis med firedelt topp
-
Indisk flygar med runde ruter.
-
Slalåmaktig mønster utan tal.
-
Tal markerer kvar ein kan hoppa paradis på flisene.
-
Spiralparadis (snigel)
-
Snigel
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hoppe Paradis ved Aktivlek.no
- Paradis[daud lenkje] (rute) ved norsknettskole.no
- Hinke med hinkesten. Forklaring og film ved gamlelege.mediajungle.dk
- Hinke mand/flyver[daud lenkje] ved legepladsen.dk
- Hinke snegl[daud lenkje] ved legepladsen.dk
- Hinke i rude[daud lenkje] ved legepladsen.dk