Slaget ved Haelen
Slaget ved Haelen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av kampen om grensene under første verdskrigen | |||||||
Postkortframstilling av slaget ved Haelen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Belgia | Tyskland, Preussen | ||||||
Kommandantar | |||||||
Léon de Witte | Georg von der Marwitz | ||||||
Styrkar | |||||||
5 regiment:
|
6 regiment:
| ||||||
Tap | |||||||
160 drepne 320 skadd |
150 drepne 600 skadd 300 tekne til fange |
Slaget ved Haelen, også kalla «Sølvhjelmslaget» (fransk Bataille des casques d'argent, nederlandsk slag der zilveren helmen), var eit kavalerislag ved byrjinga av den første verdskrigen mellom tyske og belgiske styrkar. Slaget fann stad 12. august 1914 ved den vesle belgiske marknadsbyen Haelen (no Halen), ved eit godt kryssingpunkt over elva Gete for den framrykkande tyske hæren. Det enda med ein taktisk siger for belgiarane. Det blei kjend som «sølvhjelmslaget» etter dei mange kavalerihjelmane som låg att etter dei tyske kavaleristane.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Tidsline for utbrotet av første verdskrigen |
---|
|
3. august nekta dei belgiske styresmaktene eit tysk ultimatum som kravde å bruka territoriet til det erklært nøytrale landet til troppetransport. Storbritannia hadde garantert militær støtte om Tyskland skulle invadera. Belgia braut dei diplomatiske banda med Tyskland etter at landet erklærte krig mot Frankrike. 5. august erklærte Tyskland krig også mot Belgia, og tyske styrkar kryssa grensa.
Ei veke etter invasjonen hadde tyskarane omleira Liège og det tyske kavaleriet nærma seg Hasselt og Diest. Belgiarane valde Haelen som staden der dei ville forsøka å forseinka framrykkinga slik at den belgiske hæren kunne trekka seg ordna tilbake mot vest. Den belgiske kavaleridivisjonen blei send frå Tienen til Budingen og Haelen for å utvida den belgiske venstre flanken.[1]
11. august såg belgiske speidarar store grupper tysk kavaleri, artilleri og infanteri i området mellom Tienen og Hasselt og Diest. For å stoppa frammarsjen blei den belgiske kavaleridivisjonen under løytant-general Léon de Witte send for å vakta brua over Gete ved Haelen. Hovudvegen frå Hasselt til Diest gjekk gjennom landsbyen. Kavaleristar til fots blei sette til å forsvara brua, i tillegg til ei linje bak landsbyen om Haelen skulle bli teken. [2]
Slag
[endre | endre wikiteksten]Den 2. tyske kavalerikommandoen (tyske Höhere Kavallerie-Kommando 2/HKK 2) under leiing av Georg von der Marwitz byrja først ei forflytting 12. august ettersom hestane deira var utslitne av sommarvarmen og mangel på havre. 2. kavaleridivisjon under major-general von Krane forflytta seg gjennom Hasselt til Spalbeck og 4. kavaleridivisjon under løytnant-general von Garnier advanced via Alken til Stevort. Det belgiske hovudkvarteret hadde gjennom tyske radiomeldingar oppdaga at tyske troppar nærma seg stillinga til de Witte, og sendte 4. infanteribrigade for å styrka kavaleridivisjonen.
Marwitz gav orde til 4. kavaleridivisjon om å kryssa Gete, og 8:45 a.m. gjekk 7. og 9. Jäger-bataljon ram.[3] Ei tysk gruppe speidarar frå Herk-de-Stad kom under belgisk eld. Rundt 200 belgiske soldatar prøvde å setja opp ein befesta posisjon i det gamle bryggjeriet i Haelen, men blei drivne ut av tysk feltartilleri.[4]
Belgiske ingeniørar hadde sprengd brua av Gete, men strukturen var ikkje blitt fullstendig øydelag. Rundt 1000 tyske soldatar kom seg til sentrum av Haelen.[4] Den viktigaste belgiske forsvarslinja var vest for Haelen, i terreng som gav åtakarane dårleg sikt. Dei tyske 17. og 3. kavaleribrigadane hjelpte Jäger-styrkane slik at dei kunne frakta artilleri til sørenden av landsbyen, men åtak i åkrane utanfor blei slått tilbake med mange tap.[3] Mot slutten av dagen braut Marwitz av kampen. 2. kavaleridivisjon trekte seg tilbake mot Hasselt og 4. kavaleridivisjon til Alken.[5][3] De Witte hadde klart å slå tilbake det tyske kavaleriet ved å få sine eigne kavaleristar til å kjempa til fots og møta åtaket med massiv geværeld.
Av dei tyske styrkane var rundt 150 døde, 600 såra og 200–300 tekne til fange. Rundt 400 hestar var gått tapt.[6] Den belgiske hæren hadde rundt 160 døde og 320 såra.[7]
Det tyske kavaleriet hadde klart å skjula operasjonane på tyske høgre flanke og danna ei frontlinje parallelt med Liège. Tyskarane hadde også oppdaga stillingane til den belgiske felthæren, men hadde ikkje klart bryta gjennom den belgiske frontlinja og oppdaga meir.[5][8]
Sjølv om slaget enda med belgisk siger, hadde sigeren liten stratagisk verknad. Dei tyske styrkane omleira og erobra dei befesta områda Namur, Liège og Antwerpen, som den belgiske forsvarsstrategien kvilte på. Den tyske framrykkinga blei stoppa av slaget ved Yser i slutten av oktober 1914. Då hadde tyskarane drive belgiske og allierte styrkar ut av mesteparten av Belgia, og skipa ei militærregjering.[9]
2. kavaleridivisjon blei verande i rundt Hasselt for å vakta området ved Gete fram til invasjonen av Frnakrike. 4. kavaleridivisjon drog sørover en 13. august til området rundt Loon, og deretter søraust for Tirlemont til dei nådde 9. kavaleridivisjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Battle of Haelen (1914)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Essen 1917, s. 106–107.
- ↑ Essen 1917, s. 107.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Humphries & Maker 2013, s. 108.
- ↑ 4,0 4,1 General Staff 1915, s. 19.
- ↑ 5,0 5,1 General Staff 1915, s. 20–21.
- ↑ Duffy 2009.
- ↑ Essen 1917, s. 113.
- ↑ Humphries & Maker 2013, s. 109.
- ↑ Strachan 2001, s. 208–224, 262–281.
- Bøker
- Essen, L. J. van der (1917). The Invasion and the War in Belgium From Liège to the Yser (PDF). London: T. F. Unwin. OCLC 800487618. Henta 4 January 2014.
- Various (1915). The war of 1914: Military Operations of Belgium in Defence of the Country and to Uphold Her Neutrality (PDF). London: W. H. & L Collingridge. OCLC 8651831. Henta 4 January 2014.
- Humphries, M. O.; Maker, J. (2013). Der Weltkrieg: 1914 The Battle of the Frontiers and Pursuit to the Marne. Germany's Western Front: Translations from the German Official History of the Great War. I, part 1. Waterloo, Canada: Wilfrid Laurier University Press. ISBN 978-1-55458-373-7.
- Skinner, H. T.; Stacke, H. Fitz M. (1922). Principal Events 1914–1918 (PDF). History of the Great War Based on Official Documents by Direction of the Historical Section of the Committee of Imperial Defence. London: HMSO. OCLC 17673086. Henta 7 February 2014.
- Strachan, H. (2001). The First World War: To Arms I. Oxford: OUP. ISBN 0-19-926191-1.
- Nettstader
- Duffy, M. (2009). «The Battle of Haelen, 1914». Battles–the Western Front. firstworldwar.com. Henta 23 February 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- German Cavalry Units 1914–1918
- Belgian Cavalry against German Infantry
- Cavalry in Mounted Attack Against Infantry (1920) Arkivert 2014-08-09 ved Wayback Machine.
- The Battle of Haelen
- Museum of the Battle of Haelen Arkivert 2006-05-25 ved Wayback Machine.
- General De Witte Arkivert 2017-06-23 ved Wayback Machine.
- greatwardifferent.com