Kirani James
Kirani James | |
Statsborgarskap | Grenada |
Fødd | 1. september 1992 (32 år) Gouyave, St. George's |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – 400 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter menn, athletics at the 2014 Commonwealth Games – men's 400 metres, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter menn |
Utmerkingar | kommandør i den britiske imperieorden |
Kirani James (fødd 1. september 1992) er ein grenadisk friidrettsutøvar frå St. George's som vart verdsmeister på 400 meter i 2011 og året etter olympisk meister på same distansen.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Knapt 18 år gammal vart James juniorverdsmeister på 400 m i kanadiske Moncton sommaren 2010, ein månad etter han hadde sett personleg rekord på distansen med 45,01 sekund. Den 30. august 2011 vann han gullmedaljen på 400 m under VM i friidrett 2011 i Daegu, der han slo favoritten LaShawn Merritt med tre hundredels sekund og sette personleg rekord med 44,60. Fire dagar seinare forbetra han rekorden sin til 44,36 då han vann distansen under eit stemne i Zürich.
Ved dei olmpiske sommarleikane 2012 i London vart James olympisk meister etter eit suverent 400-meterløp der han vart klokka inn på 43,94 sekund, verdas beste løp på distansen dei siste fire åra. Det var Grenadas aller fyrste olympiske gullmedalje. I 2013-sesongen vann han ei tevling i Paris på årsbestida 43,96, men under VM i Moskva var han plaga med magesmertar og vart nummer sju.
3. juli 2014 i Lausanne sprang James personbeste på 43,74 sekund. Seinare i same månaden vann han 400 m i Samveldeleikane i Glasgow på tida 44,24. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing presterte han 43,78 og fekk bronsen på distansen, bakom gullvinnar Wayde van Niekerk og LaShawn Merritt. Året etter vann James sølvmedaljen etter ein nytt godt finaleløp, men var sjanselaus mot Niekerk som sette verdsrekord med 43,03 sekund. James gjekk skadd i 2017 og -18. I 2019 enda han som femtemann på 400-meteren då VM fann stad i Doha.
James kom på bronseplassen på 400 meter ved dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021. Året etter under VM i Eugene fekk han sølvmedaljen på distansen med moderate 44,48 sekund. To år seinare sprang han i mål på sterke 43,87 sekund på OL-finalen i Paris, men enda likevel utan medalje og på ein femteplass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 44,60, framom LaShawn Merritt (44,63)
- OL 2012 i London: Gullmedalje – 43,94, framom Luguelín Santos (44,46)
- VM 2013 i Moskva: Nr 7 – 44,99
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 43,76
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 43,78, bakom Wayde van Niekerk (43,03)
- VM 2019 i Doha: Nr 5 – 44,54
- OL i 2021 i Tokyo: Bronsemedalje – 44,19
- VM 2022 i Eugene: Sølvmedalje – 44,48, bakom Michael Norman (44,29)
- VM 2023 i Budapest: Nr 8 – (44,58 i semifinalen)
- OL 2024 i Paris: Nr 5 – 43,87
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Kirani James» (på engelsk). Olympedia. Henta 12. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Kirani James» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1992
- Grenadiske friidrettsutøvarar
- Sprintarar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for Grenada
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Grenada
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Grenada
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Grenadiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Grenadiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Grenadiske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Grenadiske deltakarar under sommar-OL 2024
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024