Konkrement
Eit konkrement er ein konkresjon av materie, oftast steinsalt, som kan oppstå i organ og kanalar i kroppen.[1] Formasjonen av konkrement er kjent som steindanning eller litiase. Slike konkrement eller steinar er vanlegvis asymptomatiske, men kan stundom valde ulike sjukdommar. Store konkrement brukar ofte fleire år på å vokse.
Konkrement må ikkje forvekslast med gastrolitt.
Typar
[endre | endre wikiteksten]- Konkrement i urinvegane (nyrer, urinleiarar, urinblære og urinrøyr). Dei er i hovudsak samansett av oksalat og urat.
- Konkrement i galleblæra eller gallegangen er i hovudsak samansett av gallesalt og kolesterolderivat
- Konkrement i nasegangane er uvanleg
- Konkrement i mage-tarmkanalen kan vere enorme. I hestar har ein funne individuelle enterolittar som veg fleire kilo.
- Konkrement i spyttkjertlane, oftast i utførselsgangane. Desse er sjeldne.[1]
- Konkrement i mandlane oppstår i kryptene
Etiologi
[endre | endre wikiteksten]- Underliggjande overflod av mineral, til dømes kalsium (hyperkalsemi), kan føre til nyrestein
- Diett- og kosthald, særleg ved gallestein
- Lokale tilstandar som fremjar steindanning, til dømes lokale bakteriar (ved nyrestein) eller nedsett væskestraum. Dette kan i stor grad forklare førekomsten av spyttkjertelsteinar i den submandibulære spyttkjertelen.
- Enterolittar finst i tarmkanalen hjå dyr (i hovudsak drøvtyggarar) og menneske, og kan vere samansett av uorganiske eller organiske sambindingar
- Besoarar er klumpar med ufordøyd materie i magen og/eller tarmkanalen; dei er oftast samansett av hår, og vert då kalla hårballar. Ein besoar kan forme nidusen for enterolittar.
Kalsiumoksalat er den vanlegaste mineraltypen ved nyrestein. Urinsyre er den nest vanlegaste mineraltypen. Ein in vitro-studie viste at urinsyrekrystallar og urinsyresteinar kunne fremje formasjonen av kalsiumoksalatsteinar.[2]
Patofysiologi, symptom og sjukdomsteikn
[endre | endre wikiteksten]Steinar kan valde sjukdom på ulike måtar:
- Irritasjon av kringliggjande vev som fører til smerte, heving og betennelse
- Obstruksjon av opningar og kanalar kan påverke den normale blodstraumen til eit organ og føre til funksjonelle forstyrringar
- Predisposisjon for infeksjon, ofte som følgje av forstyrringar i blodstraumen
Ulike sjukdommar kan oppstå som følgje av stein:
- Nyrestein (nephrolithiasis)
- kan føre til hydronefrose (oppsvulma nyrer) og nyresvikt
- kan føre til ein predisposisjon for pyelonefritt (nyreinfeksjon)
- kan utvikle seg til urinvegsstein
- Urolithiasis (stein i urinvegane)
- kan føre til infravesikal obstruksjon
- Gallestein (cholelithiasis)
- kan føre til ein predisposisjon for galleblærebetennelse og akutt kolangitt (infeksjon i galletreet
- kan utvikle seg til choledocholithiasis (gallestein i gallegangane) og gallesteinspankreatitt (betennelse i bukspyttkjertlane)
- Konkrement i magen kan føre til kolikk, obstipasjon, torsjon og nekrose.
Diagnose
[endre | endre wikiteksten]Diagnostikken er avhengig av steintypen:
- Klinisk historie og fysikalsk undersøking
- Avbildingar
- Nokre steintypar, i hovudsak dei med høge kalsiumnivå, kan sjåast på røntgenbilete og CT-bilete
- Mange steintypar kan òg sjåast med ultralyd
- Faktorar som bidreg til steindanning (sjå § Etiologi) blir ofte undersøkt:
- Laboratorietesting kan finne relevante substansar i blod og urin
- Nokre steinar kan hentast ut direkte og sendast til laboratorium for innhaldsanalyse. Desse kan hentast ved kirurgi, men kan òg forlate kroppen spontant.
Behandling
[endre | endre wikiteksten]Modifisering av predisponerande faktorar kan stundom senke eller reversere steindanning. Behandlinga varierer avhengig av steintype, men vanlege behandlingar er:
- Lækjemiddel
- Kirurgi
- Antibiotika og/eller kirurgiske inngrep ved infeksjon
- Ekstrakorporeal sjokkbølgjelitotripsi (ESWL) for fjerning av konkrement
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det eldste kjente inngrepet for å fjerne konkrement er skildra i Sushruta Samhita, ei samling av klassiske sanskrit-tekstar frå 500 f.Kr.[3] Inngrepet gjekk ut på å gå inn gjennom golvet av blæra.[3]
Behandlinga av denne sjukdommen var forbode for legar som hadde sverja til den hippokratiske ed, fordi risikoen for postoperativ infeksjon og bløding var stor.
Konkrement kjem av latin concrescere som tydar «vokse saman».
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Calculus (medicine)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2015.
- ↑ 1,0 1,1 Solheim, Kaare (14. februar 2009). «konkrement». Store norske leksikon. Henta 28. januar 2015.
- ↑ Grases F.; Sanchis P.; Isern B.; Perelló J.; Costa-Bauzá A. (2007). «Uric Acid as Inducer of Calcium Oxalate Crystal Development». Scandinavian Journal of Urology and Nephrology 41 (1): 26–31.
- ↑ 3,0 3,1 Lock, Stephen etc. (2001). The Oxford Illustrated Companion to Medicine. USA: Oxford University Press. 836. ISBN 0-19-262950-6.