Faringdon
Faringdon | ||
---|---|---|
Faringdon market place | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Oxfordshire | |
Distrikt | Vale of White Horse | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
6 187 | |
Koordinatar | 51°39′N 1°35′W / 51.650°N 1.583°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SN7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1367 | |
Faringdon er ein marknadsstad i Vale of White Horse, nær Thame-dalen i Sør-England. Sjølve tettstaden ligg mellom elva Themsen og Ridgeway i Oxfordshire.
I 2004 fekk Faringdon status som fairtrade-stad. Faringdon er også basen til Faringdon Gateway, som hjelper forretningar i Oxfordshire med utvikling og oppretthalding.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet Faringdon tyder 'bregnedekt ås'. Kongane av Wessex og seinare England åtte eit palass lokalisert i Faringdon. Det har gått rykte om at ein av kongane døydde der, men det er truleg ikkje sant.
Vekemarknaden blei til allereie på 1200-talet, og er halden ved like den dag i dag.
Under den engelske borgarkrigen vart Robert Pye halden som fange i sin eigen heim i Faringdon. Huset hans står den dag i dag i tettstaden, og det noverande huset blei bygd i 1750.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Bussar
[endre | endre wikiteksten]Faringdon er forbunde til Wantage med vanlege bussruter. Reisa tar bortimot 30 minutt og går innom stadane som ligg i mellom. I 2007 var nyttinga av tilbodet så dårleg at ruta står i fare for å bli lagt ned. Faringdon er også bunde til Swindon og Oxford med vanlege bussruter.
Tog
[endre | endre wikiteksten]I 1864 opna ei nærmare seks kilometer lang jernbanelinje mellom Faringdon og hovudlinja ved Uffington, finansiert av Faringdon Railway Company. Passasjertalet var størst i 1913, men etter at passasjertalet sokk dramatisk blei linja stengd i 1951.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Faringdon.org Community Site
- Faringdon.co.uk Business & Community Site Arkivert 2019-03-20 ved Wayback Machine.
- Faringdon Town Council Site Arkivert 2015-12-17 ved Wayback Machine.
- Faringdon Chamber of Commerce Site Arkivert 2019-01-22 ved Wayback Machine.
- Faringdon Advertiser Site Arkivert 2017-09-28 ved Wayback Machine.
- The Folly Tower Trust Arkivert 2008-05-07 ved Wayback Machine.
- Picture of the Folly
- BBC website ref. Faringdon Folly with panoramic view of Faringdon
- Faringdon Workhouse Arkivert 2006-09-24 ved Wayback Machine.