Hopp til innhald

Maria Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Bonnevie

Maria Bonnevie
Fødd26. september 1973 (51 år)
FødestadVästerås i  Sverige
FødenamnAnna Maria Cecilia Bonnevie
Aktive år1991–
Verka somSkodespelar
MorJannik Bonnevie
FarPer Waldvik
EktefelleMikael Persbrandt (1998-2003)
SambuarFredrik Skavlan (frå 2006)
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Kanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle, Amandaprisen for beste kvinnelige birolle, Gullruten for beste skodespelar

Maria Bonnevie (fødd 26. september 1973) er ein norsk-svensk skodespelar. Ho har arbeidd med teater og film.

Anna Maria Cecilia Bonnevie vart fødd i Västerås som dotter av skodespelarane Jannik Bonnevie og Per Waldvik. Bonnevie er utdanna ved Stockholm Scenskola (1997) og fekk si første teaterrolle i Den vite vikingen av Hrafn Gunnlaugson. I 1997 debuterte ho på den svenske teaterscenen Dramaten, i stykket Yvonne av Ingmar Bergman.

På filmlerretet debuterte Bonnevie i Kvitebjørn kong Valemon (1991) der Ola Solum hadde regi. Gjennombrotet hennar kom i Jerusalem (1997) regissert av Bille August, og seinare har ho mellom anna vore med i Insomnia (1997), Øyenstikker (2001) og Syndare i Sommersol (2001). For filmen Jeg er Dina (2002) mottok ho utmerking for beste utanlandske kvinnelege skodespelar ved filmfestivalen i Montreal.

I 2009 spelte Bonnevie den britiskfødte dronning Maud av Noreg i den norske TV-miniserien Harry & Charles. For rolla fekk ho Gullruten 2010.

Filmar i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 1991 - Den hvite viking
  • 1996 - Jerusalem
  • 1999 - Den 13. krigeren
  • 1999 - Tsatsiki, moren og politimannen
  • 2001 - Syndere i sommersol
  • 2002 - Jeg er Dina
  • 2002 - Himmelfall
  • 2003 - Mamma, pappa, barn
  • 2004 - Trusselen
  • 2004 - Dag og natt
  • 2007 - Изгнание, Izgnanie (eng. The Banishment)
  • 2009 - Engelen