Dei sørlege Karpatane
Dei sørlege Karpatane (rumensk Carpaţii Meridionali), òg kalla Dei transilvanske Alpane, er ei fjellkjede mellom sentrale og sørlege område i Romania på eine sida og Serbia på den andre[1] Dei dekkjer delane av Karpatane som ligg mellom elvane Prahova i aust og Timiș og Cerna i vest. I sør grensar dei til Balkanfjella i Serbia.
Fjelltoppar
[endre | endre wikiteksten]Dei sørlege Karpatane er den nest høgaste fjellgruppa i Karpatane etter Tatrafjella med høgder på over 2500 meter over havet. Sjølv om dei er langt lågare enn Alpane er landskapet alpint. Den alpine utsjånaden og at fjella er lett tilgjengeleg har gjort dei til populære turistdestinasjonar.
Dei høgaste toppane er:
- Moldoveanu, 2544 moh - Făgărașfjella
- Negoiu, 2535 moh - Făgărașfjella
- Parângu Mare, 2519 moh - Parângfjella
- Peleaga, 2509 moh - Retezatfjella
- Omu 2507 moh - Bucegifjella
Trass i desse høgdene er dei lettaste fjellovergangane i Karpatane i Romania langs elvane som kryssar fjellkjeda (Olt) eller langs dei vide dalane (langs elvane Prahova og Jiu).
Fjellkjeder
[endre | endre wikiteksten]Frå aust til vest finn er fjellkjeda delt inn i fire fjellgrupper som er skild frå kvarandre av forskjellige elvedalar.
- Bucegigruppa - mellom elvane Prahova og Dâmboviţa.
- Bucegifjella (Munții Bucegi)
- Leaotăfjella (Munții Leaotă)
- Făgărașgruppa - mellom elvane Dâmboviţa og Olt.
- Făgărașfjella (Munții Făgărașului)
- Iezerfjella (Munții Iezer)
- Piatra Craiului-fjella
- Coziafjella (Munții Cozia)
- Parânggruppa - mellom Olt og Jiu.
- Parângfjella (Munții Parâng)
- Șureanufjella (Munții Șureanu/M. Sebeșului)
- Cindrelfjella (Munții Cindrel/M. Cibinului)
- Lotrufjella (Munții Lotrului)
- Căpățânăfjella (Munții Căpățânii)
- Retezat-Godeanu-fjella - mellom elva Jiu og elvane Timiș og Cerna.
- Retezatfjella (Munții Retezat)
- Godeanufjella (Munții Godeanu)
- Vâlcanfjella (Munții Vâlcan)
- Mehedințifjella (Munții Mehendinți)
- Cernafjella (Munții Cernei)
- Țarcufjella (Munții Țarcu).
Dei første to gruppene er brattast på nordsida og dei to siste er brattast på sørsida.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Southern Carpathians» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Om Karpatane, arkivert frå originalen 6. april 2010, henta 1. juli 2008
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Karpatane
- Prahovadalen, i aust
- Jernporten, i sørvest